Foto: NTB scanpix/NPK.

Kristtorn gir den beste veden

Forskarar har testa kva treslag som gir den beste veden. Målt etter volum har kristtorn høgst eigenvekt og brennverdi, følgd av barlind, bøk, eik, ask og rogn.





– I mange år hadde folk den oppfatninga at det var rogn som brann best. Men så viste det seg at desse målingane ikkje var heilt korrekte. Det var ein slektning av rognen, svensk asal vi hadde målt på, fortel seniorrådgivar Simen Gjølsjø frå Norsk institutt for bioøkonomi til eigen nettstad.





No har forskarane målt vekt, volum og brennverdi på nytt. Resultata viste at dei tyngste treslaga hadde høgst brennverdi.





– Heilt på topp kom kristtorn, deretter barlind, bøk, eik, ask og så først rogn, litt over alm i brennverdi, fortel Gjølsjø.





Kristtorn og barlind er artar som sjeldan blir større enn 10–12 meter høge. Men veden er svært tung og sterk.