Kristen Arnestad. Arkivfoto.

Kristen kan få fylkeskulturprisen

Båtbyggjaren Kristen Arnestad frå Sørstranda i Gloppen er ein av dei føreslegne kandidatane til fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane 2018. 

Fristen for å føreslå kandidatar til prisen 2018 gjekk ut 15. oktober. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått inn 24 forslag til kven som bør få årets pris.

Forslaga representerer mange kulturområde og syner stor breidde i kulturarbeidet i fylket. Forslaga vil saman med forslag frå tidlegare år bli handsama av ei innstillingsnemnd sett saman av tre medlemer frå hovudutval for næring og kultur. På bakgrunn av deira arbeid vil hovudutvalet gjere vedtak om kven som skal få prisen i sitt møte 20. november.

Dette er forslaga til kandidatar som har kome inn:


  • Anne Regine Sønderland

  • Terje Sølvberg og Helge Hjelle

  • Katrine Sele

  • Svanøy Folkeakademi

  • Kristen Arnestad

  • Teaterfestivalen i Fjaler/Torkil Sandsund/Miriam Prestøy Lie/Ingrid Hansen

  • Dugnadsgjengen på MS Atløy

  • Stig Høynes

  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane

  • Kalvåg kystlag

  • Ten Sing rørsla/arbeidet i Sogn og Fjordane

  • Per Fossøy

  • Finn Loftesnes og Oddleiv Apneseth

  • Dagfinn Hegg Lunde

  • Per Odd Grevsnes

  • Jan Ketil Smørdal

  • Tone Andal

  • Geirr Vetti

  • Margit Fløde

  • Indre Ofredals Vener v/leiar Harald Thune

  • Stryn Ping Pong Club

  • Janne Karin Støylen

  • Florø Taekwondo klubb

  • Torkjell Djupedal