– Den viktigaste drivkrafta har vore eit sinne over urettferd, og ideen om at det er mogeleg å gjere noko med det, seier Eva Joly. Ho er ein internasjonal berømt og beundra korrupsjonsjeger, som sette eigen tryggleik på spel i kampen mot økonomisk kriminalitet.

Korrupsjonsjegeren er klar for «Verda og vi»

– Drivkrafta har vore eit sinne mot urettferd, og ein idé om at det faktisk er mogeleg å gjere noko med det, seier Eva Joly (75). Ho er ein frykta korrupsjonsjeger og presidentkandidat i Frankrike, og ein av våre mest kjende nordmenn i utlandet.

I 2002 kåra lesarane av det amerikanske månadsmagasinet Reader`s Digest Eva Joly til Årets europear, etter hennar lange og tøffe kamp mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet. Historia om Eva er som ein spennande roman.

ELF-saka skaka Frankrike

Ho var Gro Eva Farseth frå Grünerløkka, som reiste til Paris som au pair i ein velståande familie. Det var ikkje heilt populært i starten at ho gifta seg med familiens eldste son. Medan mannen studerte medisin, begynte Eva på jussen. Vegen til toppjobben som statsadvokat og forhøyrsdommar i Frankrike var brulagt med knallhardt arbeid.

Ho kvilte ikkje akkurat på sine laurbær etter å ha fått jobben. Då gjekk ho laus på mektige personar og internasjonale konsern som viste seg å vere tvers gjennom korrupte. Oljeselskapet Elf Aquitaine og storbanken Crédit Lyonnais vart avslørte. ELF-saka skaka det franske samfunnet. Det vart avdekka enorm korrupsjon som gjennomsyra den franske politikken på 90-talet.

Livvakter døgnet rundt

I spissen for avsløringane sto Eva Joly, som ikkje let seg korrumpere eller stoppe, sjølv om det var krefter som prøvde på det. I staden måtte ho leve med vakter kring seg døgnet rundt. For sin modige innsats mot korrupsjon og maktmenneske vart Eva Joly internasjonalt berømt og beundra.

I åra frå 2002 til 2009 knytte norske styresmakter, gjennom Justis- og seinare Utanriksdepartementet, til seg Eva Joly som spesialrådgjevar med korrupsjon, kvitvasking og økonomisk kriminalitet som spesialfelt.

Presidentkandidat for Dei grøne

Frå den norske perioden, gjekk turen til europeisk politikk. I 2009 vart ho vald inn i Europaparlamentet for Les Verts, Dei Grøne, og i 2012 stilte ho som presidentkandidat i Frankrike. Ho har sett politikken som ein viktig arena for gjennom lovgjeving å kunne tette smotthola som gjer økonomisk kriminalitet mogeleg. No er Eva Joly også i ferd med å sjå i enden på dette kapittelet av livet sitt:

– Ja, 26. mai er det val på nytt Europaparlament. Då har eg vore folkevald i ti år, og vil ikkje ta attval. Men eg vil delta i valkampen, det er viktig å fortelje veljarane at EU er framtida, seier ho og avslører at det ikkje er latmannsliv som ventar etter at karrieren som politikar er avslutta.

– Viktig å tenkje livet i full lengde

–  I Europaparlamentet sit det representantar frå mange land. Vi jobbar frå måndag middag til torsdag ettermiddag. Det betyr at vi har langfri i helgane. For tre år sidan starta eg eit advokatkontor i lag med dotter mi. Dette har eg jobba på halvannan dag i veka. No vil eg gå for fullt inn i dette arbeidet, for å kunne hjelpe menneske og organisasjonar rundt om i verda med den kompetansen eg sit på.

– Du har ikkje tenkt på å trappe ned og nyte pensjonistlivet då?

– Nei, det er viktig å vere aktiv og tenkje livet i full lengde. No lever folk 20 år lenger enn for to generasjonar sidan. Det er sjølvsagt ulike føresetnader mellom dei som har hatt intellektuelle jobbar og dei som har slite hardt fysisk. Men so lenge helsa er god, synest eg det er flott å kunne vere aktiv og få vere med og utvikle samfunnet positivt.

«Er det ei slik verd vi vil ha?» 

Foredraget på Sandane har Eva kalla «Er det ei slik verd vi vil ha?». Det vil sjølvsagt handle om tematikken Eva Joly har brukt livet sitt på, og vi kan love at det blir interessant.

– Eg brukar å ta opp noko som er aktuelt i augneblinken, og trekkjer linjene derifrå. Ofte vil det handle om korleis demokratiet vert svekka når urettferda vert stor, når skilnadane vert for urimelege, som den utviklinga vi ser med at nokre få personar sit på det meste av ressursane og eigedomane. Det er vanskeleg med demokrati når korrupsjon og kvitsnippforbrytarar herjar. Vi har jo sett korleis store bankar har vorte ruinerte, vi har sett system som ikkje fangar det opp. Samtidig har vi også vakne borgarar som ikkje let seg lure, seier Eva Joly.

Fenomenet med dei gule vestane i Frankrike, er eit tema ho gjerne kan gje oss eit betre innblikk i. Ho er også oppteken av korleis vi kan og må forandre på vanane våre, for å få ned utslepp av klimagassar.

Kamp mot urettferd og ulikskap

Kva som er verst av korrupsjon og terrorisme, er ikkje noko Eva Joly vil ta stilling til.

– Begge deler er svært alvorleg. Det er to forskjellige ting, men der kan også vere ein samanheng. Urettferd og store skilnader gjev grobotn for så mykje. Det å skape heilskaplege samfunn bygd på dei heilt grunnleggande verdiane vi i Europa ønskjer å dyrke fram, er avgjerande. Slike samfunn burde alle ha rett til å leve i.

Ho trur ikkje at ein t.d. i Gloppen opplever desse skilnadene så sterkt.

– Men eg ønskjer og synest det er spennande å kunne ta med meg ein analyse av det som skjer ute i Europa til Sandane, seier Eva Joly.

Også vi må vere på vakt

– Vi har også hatt fleire korrupsjonssaker i Noreg, både i offentleg sektor og i næringslivet den siste tida. Det er vel grunn til å vere på vakt her også?

– Det norske samfunnet er eit ganske gjennomsiktig og beskytta samfunn, men ein er ikkje vaksinerte mot korrupsjon og kvitvasking. Det er grunn til å vere både merksame og vakne. Sjølv om Noreg er eit land med mange fordelar, kan vi sjå at presset på demokratiet aukar her som i andre land. Vi ser også her i landet at berre nokre få personar eig ein stadig større del. Det er ei utvikling det er grunn til å passe på, seier den engasjerte korrupsjonsjegeren og politikaren.

Gler seg til Sandane

Når vi spør om kva som har vore drivkrafta i hennar imponerande og modige innsats, treng ho ikkje lang tid på å svare:

– Det er nok mange ting. Men først og fremst eit sinne over urettferd, og ideen om at vi faktisk kan gjere noko med det. Vi skal ikkje godta det. Då eg vart domar, såg eg at eg også kunne gjere noko for eit meir rettferdig samfunn, seier Eva Joly.

Ho har vore på desse kantar av landet ein gong for lenge sidan. Då jakta ho også storfiskar, men det var i lakseelva.

– Eg gler meg veldig til å kome til Sandane, slår ho fast.

Det blir eit spennande møte i «Verda og vi».