Martin Eikeset Koren er ny dirigent for Gloppen Janitsjar.

Koren ny dirigent for janitsjaren

Gloppen Janitsjar går julekonsertane i møte med ny dirigent på podiet. Den faste dirigenten gjennom 13 år, John Rune Ødven, har fått endra arbeidssituasjon i ein periode. Martin Eikeset Koren tar difor over dirigentpinnen fram til sommaren.

– Då eg vart spurd, vart eg smigra, og gledde meg til å ta fatt. Eg har dirigert mykje før, men ikkje korps anna enn sporadisk, fortel Eikeset Koren.

– Har arbeidd med store partitur

Som dirigent har han først og fremst markert seg som kordirigent. I Gloppen dirigerer han for tida Hyekoret. Han har mastergrad i musikkvitskap og tilleggsutdanning i komposisjon og klassisk song. Korpsbagrunnen er som musikant gjennom ungdomsåra heime i Åfjord i Trøndelag. Så blei det ein lang pause før han kom til Gloppen for nokre år sidan.

  – Kva er forskjellen på å dirigere kor og korps?

– Det trur eg må vere kompleksiteten, kjem det etter ein kort tenkepause.

– I eit kor syng alle med det same instrumentet – stemma. I eit korps er det mange ulike instrument med ulike eigenskapar, klangar, moglegheiter og avgrensingar, forklarer han.

– Sjølv avansert kormusikk med åtte stemmer eller meir, er ikkje i nærleiken av eit vanleg korpsstykke med kring 20 stemmer og mange ulike instrument med ulik teknikk. Dette set ein del krav til dirigenten. Men om eg ikkje har dirigert korps, har eg arbeidd med store partitur som komponist og arrangør før. Og sjølve dirigeringa og det å leie øvingar har eg god erfaring med, seier Martin.

– Kjenner personane, nivået, musikken og miljøet

Av positive element med korps, trekkjer Eikeset Koren fram at det i seg sjølv er gjevande å skape musikk i lag. I korps kan ein vere med uansett alder.

– Dette likte eg godt som 15-åring, og no som 36-åring. Eg er sikker på at eg set pris på det som 80-åring òg, når den tida kjem, avsluttar han.

Styreleiar i korpset, Martha Sundal Engeland, er glad for å få Martin som dirigent.

– Han har spelt nokre år i lag med korpset og kjenner difor personane, nivået, musikken og miljøet, seier ho.

– For oss var det viktig å finne ein ny dirigent som raskt kunne vidareføre arbeidet midt i ein sesong der repertoaret er fastlagt, seier ho.

Om berre nokre dagar har janitsjaren sin tradisjonelle førjulsbasar første søndag i advent, og deretter julekonsertane i kyrkjene våre. På nyåret er fokuset skotårsgallaen, som i år fell på sjølvaste skotårsdagen.