Kommentarar til sentrumsplanen for Sandane

Lesarinnlegg av Bygdekvinnelaga i Breim, Gloppen, Nesjane og Hyen, bondelaga i Breim, Gloppen og Hyen:




Sandane har frå langt tilbake vore eit senter der folk frå dei ulike grendene har kome for handel og servicetenester av ulike slag. Sandane er eit bygdesenter for heile kommunen, og det er det som er særpreget for Sandane. For dei fleste innbyggjarane i Gloppen kommune verkar det framandt at Sandane no skal kallast ein urban fjordlandsby. Det er ikkje berre snakk om formuleringar, men om kva for viktige omsyn som skal takast og vere grunnlag for planlegginga.

Sjølvsagt må det vere tilrettelagt både for gåande, rørslehemma og syklistar mellom dei ulike sentrumsdelane, og der må vere nokre friområde tilrettelagde for både born og vaksne. Området langs Krånavegen og vidare er blitt fint og blir mykje nytta. Dette saman med Grandeparken har heva kvaliteten med grøne lunger og liv i sentrum, som har blitt fine område både for fastbuande og andre som kjem til Sandane.

Parkering

I planen kjem det fram at i Kråna, ved Grandane Senter og mellom Coop Extra og banken vert det ein «vesentleg reduksjon» i talet på parkeringsplassar. Det same gjeld generelt for heile sentrum, men særleg og for Firdavegen. Vi er einige i at Sandane sentrum skal vere tilrettelagt for menneske med ulike funksjonsnivå: både born, vaksne og eldre. Det kan ein få til utan å rasere parkeringsplassane. Ikkje alle kan sykle til sentrum. Dei fleste må bruke bil eller buss anten dei kjem for å handle, gå til lege, eller for andre tenester. For dei som bur i kommunen, utanfor sentrum eller tilreisande, må det difor framleis vere greitt å parkere i dei ulike delane av sentrum. Nok gratis parkeringsplassar er viktig. For mange som skal til legesenteret vil det vere heilt avgjerande at bussterminalen og taxi ligg der dei er i dag. Bussterminalen må ikkje verte så liten og kronglete at ekspressbussane ikkje vil ta seg tid å svinge innom Sandane. Då kjem SANDANE i alle fall i bakevja.

Grandevegen og skråparkering utanfor Coop Extra

Det er planlagt at alle dei 25 skrå parkeringsplassane vest for Coop Extra-bygget skal vekk. Vi ynskjer å behalde det som det er i dag, men der må setjast opp skilt om einvegs køyring inn frå nord. Noverande fortau må oppgraderast.

I Firdavegen

Her er det planlagt med sykkelfelt på begge sider av gata, og berre éi køyrebane! Det er meininga at bilistar skal svinge ut i sykkelfelta når det kjem møtande trafikk! Slik eksperimentering kan ein ikkje drive på med! Begge sykkelfelta må kuttast ut. Dei som syklar kan og bruke gangvegen som kjem ned ved Gloppen Hotell og ved Glass-sikring, eller Sagevegen der det nesten ikkje er trafikk. Så kan der lagast forlengande fortau frå Firda vidaregåande skule og ned til Intersport. Viser til reguleringsplanen frå 1964, der det var planlagt slik. Fortauet vidare inn forbi Skinlohuset  må verte forbetra så ein kan gå der med både barnevogn, rullator og rullestol. Så kan dei framleis parkere der og. Der er stor trafikk begge vegar heile dagen.

Der er og mange store bilar med varelevering både i Firdavegen og på Firda vidaregåande, så der må vere to køyrebaner.

Vil vi ha dei forretningane, og næringslivet som vi har no, og gjerne endå fleire. Då må ein syte for at dei får gode parkeringsplassar til kundane sine, så dei kan vere levedyktige. Kundane må sleppe å fare lange vegar for å parkere. Det vert det ikkje noko handel ut av. Handelslekkasje lever ingen av her i Gloppen!

Dei som har arbeidsplassane sine i Sandane sentrum må kunne parkere utanfor sentrum, så ikkje kundeparkeringsplassane vert opptekne med langtidsparkering. Kanskje skilt med tidsavgrensa parkering løyser utfordringa.

Leikeplassen

Når det gjeld tilrettelegging for born med leikeplass/klatrestativ synest vi plassering av dette på området vest for heradshuset er ei god løysing. Då vil det liggje sentralt plassert i høve til Øvregata, og gangvegen i Skarsteinbakken knyter desse områda saman. Det blir og sentralt i høve til kulturaktivitetar, som kan vere på Heradsplassen, og i høve til det som er langs fjorden og lenger inne og nede i sentrum. Klatrestativa der dei er plasserte i dag har vore ei mellombels løysing. Slik dei står no ”skurrar” det, og dei tek bort den opne utsikta mellom Heradshuset og banken, mot Gloppetun og vidare mot fjorden. Tankeringen, fontena, sitjeplassar og plantane må få kome meir fram! Intensjonen i planen på 90-talet var å ha nettopp den opne utsikta heilt frå Firdavegen og ut mot sjøen. Minner om at det er lurt å sjå tilbake på planar som har vore vedtekne før!

Apropos leikeplassen; Ryktet seier at leikeplassen skal vere der den er. Kven har bestemt det? Var det kommunestyret som gjorde eit midlertidig vedtak, ja, då er det vel dei som skal oppheve det og?

Er det lovpålagt at leikeplassen må ombyggast til dagens regelverk, så er det enkelt å flytte den vest for Heradshuset.

Torgplass:

Planen legg opp til to torgplassar, ein på Heradsplassen og ein i Firdavegen ved Intersport. I Gloppen er det mange produsentar av frukt, grønsaker og bær og vi ser positivt på planane om torgplass, men den må ikkje delast opp i to. Heradsplassen har innteikna torg, det er fin plassering, dersom der vert rikeleg parkeringsplassar i nærområdet. Grunna stor trafikk er plassen ved Intersport ikkje eigna for torgsal. Då kan der vere dei noverande parkeringsplassane.

Barnehage

Øyna: la den «grøne lunga» få ligge som den er! Barnehagen må ikkje plasserast i sentrum, noko som fører til meir trafikk inn Firdavegen. Alle veit at foreldra er hastige og skal kome seg på arbeid. Då parkerer dei ikkje langt vekke for å levere i barnehagen. Det er ikkje alle som har høve å sykle.

Rundkøyring i Flølokrysset?

Det er teikna inn ei trong rundkøyring i Flølokrysset. Så trong at det må søkjast om dispensasjon frå vegvesenet sine reglar for geometrisk utforming av rundkøyringar! Slikt fungerer ikkje for lastebil med tilhengar, kanskje heller ikkje for bussar.

Synspunkta våre om korleis Sandane sentrum skal utformast, veit vi at vi deler med størstedelen av innbyggjarane i kommunen vår. Dei fleste bur utanfor sentrum og må bruke bil eller buss for å kome til sentrum. Vi veit at mange er bekymra for at lange avstandar til parkering og til buss-haldeplass skal bli eit problem! Difor håpar vi å bli høyrde på, og at det kan bli gode løysingar for alle innbyggjarar i Gloppen kommune! 

Vi må på det sterkaste påpeike at slik planen er no, er det teke lite omsyn til det vi har nemnt ovanfor.

Politisk utfordring!

Vi utfordrar listekandidatar i alle parti til å ha klare tankar om korleis Sandane sentrum skal formast for framtida!