Denne gjengen tykkjer det er viktig å vere med på dugnad. F.V.: Kristoffer Fure, Alexander Bjørkelo, Leiv Arne Støyva Sårheim, Bjørn Erik Fløtre og Vegard Støyva.

– Kjekt å hjelpe til med det som skjer i Breim, seier ungdomen

Det nærmar seg årets høgdepunkt i Breim; Norsk Countrytreff. Som vanleg er omtrent alt som kan krype og gå i Breim mobilisert for å få arrangementet i hamn.


Store arrangement kjem i hamn takka vere stor dugnadsinnsats og stå på vilje hos bygdefolk rundt om. Countryfestivalen i Breim er ikkje noko unnatak i så måte. I vårt område er det nok Norsk Countrytreff som mobiliserer desidert størst dugnadsinnsats.

Rigging for storinnrykk

Ifølgje countrygeneral Arve Kleppe ligg det an til mykje folk i Breim kommande helg. Søndag var ein stor dugnadsgjeng i sving med å rigge festivalområdet.

– Vi starta i går, og torsdag skal vi ta siste finpussen, fortalde anleggssjef Alexander Bjørkelo. Søndag hadde han med seg ein gjeng på 15 menneske, mange av dei i kategorien ungdom.

– Det er kjekt å hjelpe til med ting som skjer i bygda, smilte Leiv Arne Støyva Sårheim, og gjengen han var i lag med nikka. Karane var også samde om at det er viktig for countryfestivalen og andre arrangement at det blir rekruttert nye menneske inn i dugnadssystemet, etter som tida går.

– Eg har vore med i fire år og har aldri sett så mykje folk her dei to første dagane som i dag, fortalde Alexander Bjørkelo som fekk ros for å vere ein god leiar, trass i sin unge alder. Og på spørsmål om dei unge cowboyane hadde favorittar mellom det musikalske utvalet kommande helg, var det lite tvil: Vassendgutane, Staut og Rotlaus var tingen. Hovudartisten er Emmylou Harris.

Klassetur

Ein gjeng frå idrettslina på Firda var på plass for å arbeide dugnad og dei skulle tene pengar til klassetur fekk vi høyre. I staden for fribillettar til konsertar, skulle dei få pengar. Ein av elevane var Maren Sårheim  frå Breim.

– Eg har vore med på dette sidan eg var liten, fortalde ho. Vore med før hadde også nokre av dei andre, men for Håvard Klakegg frå Jølster og Tore Tveit frå Vereide var det første gongen. Men alle tykte det var kjekt å vere på dugnad, og alle var utstyrte med river.

To jenter vi møtte hadde fått i oppdrag å fjerne spikar frå ein del plankar. Dei gjekk laus på oppgåva med kubein og hammar og begge var på dugnad for første gong. Som dei andre vi snakka med, tykte dei det var kjekt å hjelpe til, og så vart det gratis billettar i tillegg.

Sikkerheit i høgsetet  

Med tusenvis av menneske på plass til helga, er det ein ting som står i fokus hos sikkerheitssjef  Per Jonny Moldestad. Det er at alle skal ha det bra, og at dei skal føle seg trygge.

– Vi har ein sikkerheitsplan, og vi har hatt møte med vaktselskap og politi. Vaktselskapet stiller med 21 personar frå onsdag, og politiet kjem til å ha ti tenestefolk gåande her, også på dagtid. Vi har vore veldig heldige her i Breim og har gått klar alvorlege hendingar til denne tid. Mitt mareritt er brann på campingplassen, eller at vi får ein leiteaksjon etter folk som ikkje har kome til rette. Men vi i hovudkomiteen er veldig godt organiserte og gjer absolutt alt vi kan for at tryggleiken skal bli så god som mogeleg. Såleis ønskjer eg alle velkomne til ei fin helg i Breim, avsluttar Moldestad som meiner rigginga til festivalen aldri har vore kome lenger på søndagen enn i år.