Kari Bremnes kjem til Sandane og Glopperock i august. Foto: Stian Andersen.

Kari Bremnes til Sandane

Fredag 16. august held Kari Bremnes med band konsert i kultursalen i Trivselshagen, under Glopperock 2019.

Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk – er ord som kan knytast til Kari sin musikk. Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå.

Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebne. Kari har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.

Kari Bremnes band er: Børre Flyen – trommer, Petter Unstad – bass/vokal, Børge Petersen Øverleir – gitar, Bengt E. Hanssen – tangentar/vokal, Geir Østensjø – lyd.

Glopperock har arbeidd i mange år for å få Kari Bremnes til Sandane og er glade for å lukkast. Konserten er svært ressurskrevjande og er den einaste konserten ho held i Sogn og Fjordane i år.