Det er kaos på Lote (privat foto).

Kaos på ferjeleiet på Lote

Erstatningsferja "MF Sognefjord" er ikkje i nærleiken av å ta unna trafikken. På Lote står det no ei lang rekkje tungekøyretøy og privatbilar.

Søndag vart "MF Årdal" teken ut av trafikk og sendt på verkstad for motorbyte og service. I staden vart den langt mindre ferja "MF Sognefjord" sett inn på sambandet Anda - Lote.

Kapasiteten på erstatningsferja er 34 prosent mindre enn "MF Årdal". Redusert kapasitet kjem utan at verken publikum eller vertskommunane er varsla på førehand.

Rushtrafikken
I samband med rushtrafikken morgon og kveld er det betydelege kapasitetsproblem.

I dag tysdag er Richard Schuman frå Sandane på veg heim etter arbeidsoppdrag på nordsida av fjorden. Han sikta seg inn på 14:45-avgangen.

- No står eg på Lote, og det gjer også mange andre, seier han oppgittt og irritert og fortel at det står att fem semitrailerar og fem-seks privatbilar.

- To av radene er allereie fulle med ventande køyretøy, seier han. Og snart startar ettermiddagsrushet for fullt.

Hengedekk
Schuman har snakka med billettørane som opplyser at dei ikkje brukar hengedekket ferja er utstyrt med. Dermed vert det oppgjevne kapasiteten ytterlegare redusert.

- Dei fortel at hengedekket ikkje vert brukt fordi dei då ikkje vil greie å halde timetabellen, seier Richard Schuman og konstaterer at kapasitetekravet til materiellet på sambandet dermed ikkje er oppfylt.

- Det er flott at «MF Årdal» er sendt på service, men det er «på trynet» å setje inn ei ferje med så liten kapasitet, seier Schuman.

33 år gammal
»MF Sognefjord☼» vart bygd i 1984 og trafikkerte strekninga Bruravik-Brimnes før Hardangerbrua vart bygd. Den oppgjevne kapasiteten er 90 personbileiningar totalt. «MF Årdal» har ein kapasitet på 92 PBE, medan «MF Lote» som no er på sambandet Molde - Vestnes har ein kapasitet på 120 PBE.

Etter planen skal «MF Årdal» vere tilbake i trafikk måndag.