Are Kalvø. Foto: Hans-Olav Rise / Nynorsk pressekontor / Montasje

Kalvøs alternative hyttebok held stand

«Hyttebok frå helvete» har vore på topp 15-lista for generell litteratur 28 veker på rad.


Det vil seie at boka har vore inne på topplista heilt sidan den kom ut i haust. Are Kalvø sitt humoristiske og boklege oppgjer med det han meiner er litt vel mykje glorifisering av friluftslivet sine gleder her til lands, har ògså fått eit imponerande opplag. Boka, som er hovudbok i Bokklubben Nye Bøker denne påska, har med det fått eit totalopplag på 70.000 bøker, melder Kagge.

Humorboka kan òg skilte med å ha blitt selt til ti land. Sist ut til å sikre seg moroa er Sør-Korea. Kalvøs agent, Hans Petter Bakketeig i Stilton Literary Agency, seier dette om utanlandssalet:

– Tysklands leiande reiselitteraturforlag, DuMont, satsar tungt på Kalvøs bok til hausten og har gitt den tittelen «Frei. Luft. Hölle», altså «Friluftshelvete». I Sør-Korea vart det bodrunde på rettane med ti interesserte forlag, kanskje er dette helst eit uttrykk for forvitenskapen til koreanarane på skandinavisk levemåte?

Vidare har forlag i Sverige, Nederland, Danmark, Estland, England, Italia, Slovakia og Tsjekkia sikra seg rettane.

I eit intervju med NTB har forfattaren uttalt: – Det ser ut til at boka treffer både dei som elskar å gå tur, eller i alle fall påstår at dei gjer det, og dei som hatar det. Noko som kanskje viser at folk både liker å få stadfesta sine eigne oppfatningar, og å lese om seg sjølv. Det kan vere ei tynn linje mellom sjølvironi og sjølvdigging.

«Hyttebok frå helvete» har òg gitt tittel til Kalvøs nyaste stand up-show. Til hausten blir det framleis skråblikk på nordmenn sitt forhold til friluftsliv – frå scena: Minst 45 framsyningar, mellom anna i Trondheim, Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo, står for tur. (©NPK)