Grindastova er blitt som ny etter restaureringa.

Jølstramuseet har restaurert  gammal stove frå 1600-talet

 

 

I det idylliske tunet på Jølstramuseet står det mange gamle bygningar. Eitt av dei er den såkalla Grindastova, det første av dei gamle stovene som møter dei som kjem inn i tunet.



Stova har truleg vore flytta mange gonger, men før ho kom til Jølstramuseet, stod ho på Årset, eit par hundre meter unna Jølstramuseet. Stova kom til museet i 1929, og kosta 600 kroner ferdig oppsett.

Lang flytteprosess

Heidi Fossheim som er eigar av tunet i dag, fortel at det var bestefaren hennar, Eivind Fossheim d.e., som kjøpte stova av Erik K. Gjesdal. Av ukjende årsaker gjekk det fem år før stova vart flytta til Jølstramuseet.

Stova er eitt av dei absolutt eldste husa i Jølster, og har innskore årstalet 1631 i ein av stokkane. Men fleire ekspertar har sagt at ho kan vere eldre, kanskje frå tida rundt reformasjonen.

Stova har tre rom – framsval (gang), stove og bakkleve (bakkammers). Etter å ha stått i tunet i 90 år, hadde stova trong for restaurering.



Som ny

Med 285.000 kroner i støtte frå Norsk kulturminnefond, vart Erling Gjelsvik og Nedre Jølster Bilelag sett på saka sist vinter, og 1. mai sto stova ferdig restaurert.

Det er skifta både tak og kledning, det same er nedste stokken i veggen på eine sida. Dei fleste sperrene er også skifta og heile huset er jekka opp og retta opp. Dermed kan huset stå godt i nye hundre år, og no er det også håp om at det kan bli nytt liv i den gamle røykstova.



Jølstramuseet driv både restaurant og selskapslokale, noko som i hovudsak er lokalisert til låven og fjøsen i tunet. Men no kan det bli eit nytt tilskot til denne delen av aktiviteten i tunet.

– Sidan vi no har fått orden på Grindastova, kan det bli aktuelt å ta ho i bruk til selskap for mindre grupper, fortel Heidi Fossheim Årdal, som i lag med mannen, Frode Årdal, har hatt ein stri tørn med å få det gamle huset i stand.

Begge er glade for at arbeidet er gjort og at den gamle, flotte eldstova no er reparert. Dermed kan det kan bli nytt liv mellom dei grove tømmerveggene. Dette er vegger med uhorveleg mykje historie i, og kunne dei snakke, så hadde dei hatt mykje å fortelje.



 

 

 

Heidi Fossheim Årdal og Frode Årdal kan glede seg over vel utført restaurering av den gamle stova.
I framsvalen er det toalett forma som ein utedo.
Eit gammalt drikkekar gjer teneste som vask på toalettet.