Jenny Følling toppar den førebelse Sp-lista føre oddmund Klakegg

Jenny Følling toppar førebels SP-liste

Nominasjonsnemnda har hatt møte i helga og presenterer ei liste med 50 kandidatar der dei fire første er kummulerte.

På topp finn vi som venta Jenny Følling frå Gaular med Oddmund Klakegg Jølster på andre. På dei nesteplassane finn vi Ole Johnny Stubhaug, Førde, og Lena Eliassen, Naustdal.

Fleire frå Jølster

Sidan dei fire første er kummulerte, vil dei vere sikra plass i det nye kommunestyret om ikkje nominasjonsmøtet vil noko anna.  På lista finn vi også ein del andre Jølstringar og noverande kommunestyrerepresentantar Steinar Dvergsdal, Reidun Støfring og Helge torpe har fått plass på lista. Det har også Trond Dvergsdal, Kjersti Støfring, Inger Jorunn Årseth, Johannes Nedrebø og Knut Huus.