Marita Vangen Bratteteig og Kabaret Makaber laga ein spesiell konsert med artige tekstar og fin musikk. Her er Bratteteig i lag med altsaksofonist Morten Nordheim

Jazzfestivalen har landa

Jazz på Jølst 2018 er historie, og den vil bli hugsa for eit  program som fekk svært mange til å sperre opp augo. Heilt frå tjuvstarten torsdag til dei siste tonane frå Low-Fly Quintet og Camilla Tømta tona ut laurdag kveld.





-Tenk at noko slikt kan skje i Jølster, sa tidlegare kultursjef vi Flora, Edvin Helgheim, som hadde teke turen til heimbygda for å få med seg festivalen. Og det som skjedde var ein fest frå start til slutt med ein artistpakke som var imponerande og der det var noko for ein kvar smak.



Saksofonar

For ein som meiner at saksofonen er noko av det viktigaste som er oppfunne, så var torsdag og fredag dei beste dagane- Det starta på "Løa" på Jølstraholmen der den unge, men fantastisk gode saksofonisten Elisabeth Lid Trøen frå Voss prega den melodiøse og vakre konserten til Ole Amund Gjersvik kvartett.



Fredag fekk vi så Ensemble Denada som sto for opningskonserten og med sine ni blåsar og ein framifrå vokalist i Torun Eriksen, varta opp med eit lydbilete som det svinga skikkeleg av.

Litt seinare på kvelden kom så den artige gjengen frå Sogn med det klingande namnet Kabaret Makaber, der to fine saksofonar pluss bass og rytme, og den småfrekke og litt burleske Marita Vangen Bratteteig gav oss eit skråblikk på livet i inste, djupaste Sogn.

Barnejazz

Barnejazz har blitt ein fast tradisjon på festivalen og i år var det Heidi Marie Vestrheim, Anniken Teodorsen og Roy Ole Førland som med trioen Hei Kalas som sto for den.



Dei varta opp med fine melodiar, artige tekstar og underfundige spørsmål om og svar på mange av livets gåter og mysterium. Kvifor pyntar dei vaksbe seg med fine bilar og fine jobbar, og kvifor står alltid dei beste tinga på øverste hylle, så dei ikkje er råd til å få tak i.

Undringa over kvifor alt er som det er, var gjennomgangstonen og svært mange hadde teke turen for å få med seg konserten. Faktisk var vel barnejazzen den nest best besøkte konserten, etter opningskonserten.

 



Kyrkja tok finalen

Det heile vart avslutta i Ålhuskyrkja der den musikalske delen av gudstenesta hadde eit ganske tydeleg jazzpreg. Kva er vel meir naturleg enn å syngje "When the saints go marching in, eller danse seg ut av kyrkja etter tonane av "Come and go with me to that land, når det handlar om å avslutte ein jazzfestival.



Anne Turid Taklo jazza opp gudstenesta med kornetten sin.



Det var tidlegare leiar av jazzklubben Marit Hartvedt, som saman med organist Rune Molvik, gitarist Kåre Nytun frå Voss og Anne Turid Taklo frå Ålhus som sto for dei musikalske innslaga. Taklo spelar kornett, medan Marit Hartvedt song.

-Det har vore ei fantastisk kjekk helg, sa sokneprest Silje Sørebø som fekk med seg tre av konsertane under festivalen og som brukte ting som var sagt frå scena under barnejazzkonserten i preika si.

 



 

 

 

 

 

Heidi Marie Vestrheim, kjend frå NRK super, Anniken Teodorsen og Roy Ole Førland engasjerte både store og små under barnejazzen.
Bjarkason kvartetten frå musikklina på Firda hadde konsert på kafeen til Audhild Viken. F.v.: Olve Nordheim, bass, Martin Vindenes Rundereim, gitar, Olaf Gloppen, trommer og Borgar Bjarkason, tangentar og vokal.
Ensemble Denada er nesten for eit storband å rekne og skapte eit fantastisk lydbilete.
Elisabeth Lid Trøen imponerte med saksofonane sine. Ho spelte også på festivalen i 2011, 15 år gammal. Her i lag med bandleiar Ole Amund Gjersvik (t.v.) og Anders Olav Ese.
Daniel Herskedal er ein internasjonalt høgt skatta tubaist og var å høyre på festivalen i lag med kvartetten sin.
Rune Molvik, Marit Hartvedt og Kåre Nytun i tillegg til Anne Turid Taklo sto føre det musikalske under gudstenesta som hadde eit tydeleg jazzpreg.
Camilla Tømter og Low-Fly Quintet avslutta årets Jazz på Jølst, når det gjeld konsertar.