Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Ishockeysiffer i Selje

Magnus Nikolai Bolseth scora to mål for STIL borte mot Selje søndag.

Ishockeysiffer i Selje

Både Selje og Sandane scora seks mål i det som var eit merkeleg 5. divisjonsoppgjer i Selje søndag ettermiddag. 

Selje leia 3-o før Melos Kibreab Yacob reduserte for dei blåkledde rett før pause.

Etter kvilen reduserte Magnus Nicolai Bolseth til 2-3, før ekte hat-trick av Hallvard Bjotveit og nok ei nettkjenning av Bolset sytte for 6-3-leiing til STIL.

Tre mål av heimelaget i løpet av dei siste 20 minutta førte til 6-6 og poengdeling til slutt.