F.v. Anne Kristin Moe, Kristen Arnestad og Andreas Mardal.

Inviterer til festdag for nordfjordbåten

Søndag 28. april er det duka for båtdåp og sjøsetjing i Sandane sentrum. Båten er den første i prosjektet for å ta vare på ein tusen år lang båtbyggjartradisjon i Nordfjord.

– Prosjektet handlar om å halde båtbyggjartradisjonen, og også bruken av nordfjordbåten, levande. Då bør både dåp og sjøsetjing markerast på skikkeleg vis, seier Anne Kristin Moe, avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum og prosjektleiar for «Nordfjordbåt – bygging og bruk».

To båtar til no 

I nokre intensive periodar har båtbyggjar Kristen Arnestad overført kunnskap og erfaring til læresvein Andreas Mardal. Til no har det resultert i to båtar, og det er den første av desse som no er klar for sjøsetjing og dåp.

Arbeidet som blir lagt ned er finansiert gjennom Forbundet Kysten og pengar frå Sparebankstiftinga til DnB, og er eit av fleire prosjekt rundt om i landet som er sett i verk for å løfte fram båtbyggjartradisjonar og handlingsboren kunnskap.

Båtane skal kome alle til gode

Over sommaren går Andreas Mardal i gang med sin første båt åleine. Alle dei tre båtane skal overførast til Nordfjordbåtlaget og 4H, som i samarbeid har ansvar for båtane og tilrettelegging av aktivitet.

– Vi gleder oss til å få båtane på fjorden og håpar mange vil vere med oss og ro på søndag. Forhåpentlegvis vil fleire få opp auga ikkje berre for handverket og kunsten båtbyggjarane står bak, men også sjå gleda i det å vere i båt på fjorden, seier leiar i Nordfjordbåtlaget, Lars Bjarte Osland.

Nye planar for vernebygg

Namnet på båten er det ungdommar i 4H som skal ha idémyldring kring før namnet blir offentleggjort søndag under dåpen. Resten av dagen blir det høve til å prøve å ro både den nye båten og eldre nordfjordbåtar som Nordfjordbåtlaget stiller til disposisjon.

På Nordfjord Folkemuseum kan ein snekre minibåt og studere båt nummer to i prosjektet, og dei nye planane for vernebygg for Holvikejekta skal presenterast.

– Dette blir ein dag fylt med kunnskap, men også leik og moro, og vi håpar så mange som mogleg vil vere med og gjere dette til ein festdag for nordfjordbåten, seier Moe.