Musikk er eit godt middel til å skape forbrødring over landegrensene.

Internasjonalt møte på dansegalla

Dansegallaen på Skei fekk regnet som aurefesten slapp unna. Det sette kanskje ein dempar på campinglivet, men ikkje verre enn at det var buskspel å høyre rundt om



I eit fortelt mellom to bubilar fann vi ein lystig gjeng, to trekkspel og ein toradar. Folka som møttest der var frå Førde, Sverige og Polen.

Hamna på Skei

To svenskar som jobbar med kraftverket i Jølstra var på dansegalla. Dei var installerte på ein av dei provisoriske "campingplassane" og hadde høyrt trekkspel musikk inne på området.



-Vi gjekk etter lyden og hamna her. Dette er omtrent som heime  i Sverige med danseband og trekkspel, så her  har vi det fint, smilte Robin Johannson. Saman med kompisen Nils Johan Reptsjö kosa dei seg i lag med ein gjeng frå Førde og ein kar frå Finnskogen, som var på Skei for første gong.

-Eg har ein kompis som eg reiser ein del på tur i lag med. Han fortalde at han skulle til Skei i pinsa, og eg slo følgje. Men eg visste ingen ting om at det var dansgalla her, så det vart ein bonus, fortalde Jan Peistorpet som snakka noko som likna veldig på svensk, men han forsikra om at han hadde vore norsk all sin dag.



Trekkspelduo frå Førde og Finnskogen

I gjengen frå Førde fann vi Jan Helge Sellevold, som hadde fleire trekkspel med seg. Han hadde funne ein likesinna i karen frå Finnskogen som også var ein habil trekkspelar, i tillegg til å vere bubilentusiast.

-Eg har køyrt 1000 mil med bubilen sidan nyttår, fortalde Jan Peistorpet som også har hatt ei fartstid som rallykøyrar og har konkurrert med Peter Solberg i si tid.

-Men på Skei trakterte han først og fremst trekkspelet, enten aleine eller i lag med Jan Helge Sellevold. Og med ein liten klunk i glaset så vart det etter kvart god stemning under teltduken, sjølv om det regna ganske heftig og temperaturen ikkje var all verda å skryte av.

Tok ein dag til

Etter kvart kom det også ein kvinneleg toradarspelar forbi. Camilla Hauge frå Fusa hadde tenkt seg berre ein dag på Skei, men så møtte ho Jan Helge Sellevold, ein gammal kjenning sidan dei møttest på Titanofestivalen for 20 år sidan. Sellevold fekk henne til å ta ein dag til slik at ho skulle få med seg Ingemars søndag.

Dermed vart det duo med trekkspel og toradar, til glede for mange som gjekk forbi og som stogga litt for å lytte.

To svenskar på dansegalla. Robin Johansson framme og Nils Johan Raptsjø
Jan Helge Sellevold frå Førde (t.v.) og Jan Peisbråten frå Finnskogen fann fort tonen. I bakgrunnen ein polakk som dukka opp for å høyre på musikken.
Camilla Hauge frå Fusa og Jan Helge Sellevold varta opp med duo på trekkspel og toradar.