Foto: Kjell Åsmund Sunde/NPK.

Ingen salmonella i tørka frukt, bær og nøtter

Mattilsynet fann ikkje salmonella i nokon av prøvene av tørka frukt, tørka bær og nøtteblandingar på den norske marknaden i 2019.


Mattilsynet sette i verk eit overvakingsprogram i etterkant av eit salmonellautbrot våren 2019. Då blei 58 personar sjuke, og årsaka var truleg ei tørka eksotisk fruktblanding, med opphav i mange ulike land og frå fleire kontinent.


– Sidan analysar av dei enkelte råvarene var negative for salmonella, veit vi ikkje kva ingrediens som eventuelt var den opphavlege årsaka til forureininga då. Det er også mogleg at forureininga kan ha skjedd på pakkelinja, seier seniorrådgivar Margrethe Hovda Røed i Mattilsynet i ei sak på Matportalen.no.


I alt tok Mattilsynet 165 prøver. Dei vil halde fram med å ta salmonellaprøver i dette matsegmentet i 2020. (©NPK)