Salet av svinekjøt har ikkje gått ned etter NRK-dokumentar. Foto: Studio Dreyer-Hensley.

Ingen nedgang i salet av svinekjøt





– Det er litt tidleg å konkludere hundre prosent, men vi kan ikkje sjå signifikante teikn til at salstala har gått ned. Samanlikna med i fjor sommar kjem av endringane i salstal, vêr og kampanjar, seier kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland til VG.


Administrerande direktør i Norsvin, Olav Eik-Nes, seier svinenæringa skal bygge opp att tillit blant forbrukarane. Dei har hatt møte med mat- og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF), og det skal gjerast ei rekke tiltak for å sikre at svinekjøtt blir produserte på ein god dyrevelferdsmessig måte.


– Eitt av tiltaka er at dyrevelferdsprogrammet blir forskriftsfesta. Det betyr at alle svineprodusentar må følgje programmet, seier Eik-Nes.


Han legg til at handlingane som dokumentaren avslørte er uakseptable, og at mange svinebønder tar sterkt avstand frå det som er komme fram.


(©NPK)