Leiar i Jølster idrettslag, Laila Tefre opnar for å prioritere Fleirbrukshallen på Vassenden for bygging i kommunal regi, medan idrettslaget tek over ansvaret for hallen på Skei.

Idrettslaget vil overta hallprosjektet på Skei

-Lat det ikkje vere tvil om at Jølster Idrettslag sitt absolutt primære standpunkt, er at begge hallane må byggast, og vi har framleis god von, skriv styret i Jølster idrettslag i eit brev til ordføraren.



I brevet opnar leiar Laila Tefre og nestleiar Stig Tveit for at idrettslaget kan overta hallprosjektet på Skei og "føre det vidare på eigen kjøl", som det heiter.

Neste beste løysinga

I brevet går idrettslagsleiarane gjennom historia bak hallprosjekta og listar opp kva som finst av behov når det gjeld hallane. Det blir mellom anna peika på at det i dag blir kjøpt treningstider både på Sandane og i Førde for å stette behovet for lokale til hallidrettar som handball og volleyball. Tefre og Tveit registrerer også at det er knytt utfordringar til finansiering av hallane og at dette har vorte meir og meir synleg i haust, trass i at idrettslaget har fått  signal frå politisk leiing  om at det vil ordne seg.

-Men signala om det motsette har forsterka seg den siste tida, skriv Tefre og Tveit og syner til at
varaordførar Jakob André Sandal har gått ut ut og signalisert  tvil om det er mogleg å realisere prosjekt «Hallar i Jølster».



Vil markere

-På bakgrunn av dette finn ein det rett å gje tydleg melding om kvar idrettslaget står og kva som er det idrettslege behovet i Jølster, skriv idrettsleiarane og kjem med ei aldri så lita bombe.

Dei går inn for å prioritere fleibrukshallen på Vassenden framfor hallen på Skei, noko dei grunngjev på følgjande måte:

- Når dette med finansiering av hallar vert sett på spissen vil Jølster Idrettslag peike på at dei lovnadar som er gjevne og dei vedtak som er fatta. Det å stoppe begge hallprosjekta vil vere eit hardt slag for idretten i Jølster og vil truleg få store konsekvensar både for miljø, rekruttering og aktivitet. Det er mange born, unge og foreldre som held aktiviteten og motet oppe, mykje basert på ei forventning om kva som skal komme. Det er likevel slik at det å stoppe begge prosjekta er langt meir dramatisk, enn å stoppe eitt av dei.
Lat det ikkje vere tvil om at Jølster Idrettslag sitt absolutt primære standpunkt, er at begge hallane må byggast, og vi har framleis god von. Men får vi ikkje til den beste løysinga, må vi gjere det vi kan for å få til det nest beste.
Det betyr å prioritere, noko Jølster Idrettslag no ser seg tvinga til å bidra til.

Basert på det idrettslege behovet vil Jølster Idrettslag prioritere fleirbrukshallen på Vassenden framom fotballhallen på Skei.
Dersom dette vert resultatet, ønskjer ein å signalisere at ein ser føre seg at idrettslaget tek over prosjektet på Skei og fører det vidare på eigen kjøl. Ein legg då til grunn at det vert lagt inn eit kommunalt tilskot i økonomiplan i 2021.
Jølster idrettslag ønskjer å gå gjennom prosjektet og eventuelt skalerer det ned, heiter det i brevet frå Laila Tefre og Stig Tveit.

 

Det er kunstgrasbana på nedsida av grasbana som er tenkt brukt som tomt for hallen på Skei