Har du ein kjær nabo, kollega eller ven som du har lyst til å gje ei påskjønning?

Hjelp oss å lage ein serie om kvardagsheltar

Har du ein slektning, nabo eller ven som du kan tenkje deg å gje ei påskjønning? Har du fått hjelp med barnepass, handling eller noko anna i desse koronatider? Kanskje har du ein kvardagshelt som bur like i nærleiken – ein som er flink til å vise omtanke for andre? På bakgrunn av dette har du truleg ei god historie som det hadde vore kjekt om du ville dele med Firda Tidend sine lesarar.


Vi har lyst til å spreie litt glede i denne spesielle tida. Ta kontakt med oss og fortel kvifor kvardagshelten din fortener ein blomsterbukett, så formidlar vi historia i avisa.

Vi håpar det finst mange kvardagsheltar i Gloppen og Jølster!

Ring oss eller kontakt oss på redaksjon@firdatidend.no.