June Kleppenes Sårheim (i raudt) i aksjon mot Stryn.

Heldt følgje i ein omgang

Damelaget til GHK heldt følgje med Stryn i ein omgang i 3. div. oppgjeret i Trivselshallen onsdag kveld.

Det unge damelaget til GHK har så langt gått frå tap til tap i tredje divisjon. Mot Stryn var det spelemessig framgang og lenge jamt.

Ved pause stod det uavgjort 9-9.

Gode i forsvar

Laga følgde kvarandre i store deler av første omgang. Om lag midtvegs var GHK også i føringa med tre mål på det meste. Då varta laget opp med godt forsvarsspel og fint driv i angrepsspelet. Litt slurv og feilpasningar øydela, og Stryn utlikna leiinga fram mot pause.

Første del av andre omgang likna mykje på første, men Stryn sikra seg etter kvart eit par-tre måls leiing. Likevel var det ei viss spenning i kampen, men i løpet av siste kvarteret rakna det, og Stryn drog i frå og sikra seg to verdifulle poeng.

Fem kampar igjen

GHK har utvilsamt fleire lovande spelarar, men dessverre ser det ut til at laget må ein divisjon ned for å kome sterkare tilbake. Rett nok er det fem kampar igjen, to av dei mot tabellnaboane Jotun og Bjørnar, men det er fire poeng opp. Skal GHK berge plassen, må begge slåast. I tillegg må GHK også ta poeng mot enten Tertnes eller BSI.

Tre av dei fem siste oppgjera er på heimebane. Det kan kanskje slå positivt ut. Neste kamp er mot eit av topplaga, Tertnes, i Trivselshallen tredje februar.

 

KAMPFAKTA
3. divisjon kvinner
Trivselshallen
GHK – Stryn 24 – 18 (9-9)

GHK: Hedda Rygg Eide, Oda Mellingen Lothe (5), Oda-Kristin Eide, Maria Lothe, Emilie Tungevåg, Mariann Solaas, Mari Frøyen Rygg, Laila Fossheim (1), June Kleppenes Sårheim (4), Benedicte Kvellestad (5), Kristine Selbyg Skinlo, Marit Mardal (2), Ine Marie Vetvik Barmen, Jenny Flølo Kleppe (1).

Dommarar: Ståle Sandal, Rolf Lefdal, Eid.