Håvard er Årets fotballtalent

Breimningen Håvard Hetle er kåra til Årets fotballtalent av NFF, TV2 og Equinor Morgendagens Helter. 

Den talentfulle keeperen, som no er Sogndal-spelar, var mellom seks nominerte i både gute- og jentefotballen, og utkonkurrerte Sondre Auklend (Viking) og Bryan Solhaug Fiabema ((Tromsø) i guteklassa.

Det var i samband med den TV2-sende landskampen mellom Kypros og Noreg måndag kveld, kåringa av 15-åringen frå Breim vart offentleggjort. Juryen, som var representert ved Jesper Mathiesen og Brede Hangeland, slo fast at Hetle kjem til å prege norsk fotball i mange år framover. Dei skrytte mellom anna av korleis han tek kommandoen i feltet.

I tillegg til den gjæve tittelen, får Håvard Hetle ein draumedag med A-landslaget.