Loppegeneral Aase Ryssdal Sæther er klar for ein ny loppemarknad. Denne Nordfjord-bunaden med ekte sølv og god levetid blir å finne i teltet under Sandane-dagane.

Har samla store mengder lopper

Loppemarknad er fast post under Sandane-dagane, og har like lang tradisjon som messa sjølv. Her kan ein sikre seg ein skatt blant eit hav av kuriositetar, og samstundes støtte ei god sak.

– Vi har fått inn enormt mykje, både stort og smått. Folk har levert inn utruleg mykje fint, vi gler oss til å ta det med oss til Sandane-dagane, fortel loppegeneral Aase Ryssdal Sæther.

Stor variasjon

Lageret til loppemarknaden inneheld alt frå gamle servise i porselen, til Nordfjord-bunad, til bøker og stolar. Svært mange har i løpet av året nytta høvet til å levere inn ting dei ikkje ser seg nytte i sjølve, for at andre kan få glede av dei. Terskelen er låg for kva ein kan levere, alt blir kvalitetssjekka. Ting ein trudde var av låg verdi, kan ha høg, og alt blir teke imot med takk. Lopper kan leverast til og med torsdag før Sandane-dagane.

– Vi har fått inn nokre små møblar og nokre større. Vi vil fylle opp telta våre og sel det vi får selt, seier loppegeneralen.

Barne- og ungdomsarbeid

Stiftinga kyrkjelydsarbeidet i Gloppen har lenge arbeidd for å støtte barne- og ungdomsarbeid i heile kommunen. Støtta fungerer slik at grupper og lag kan søkje om midlar til ulike prosjekt, til dømes leirar og aktivitetar. Loppemarknaden er ei viktig inntektskjelde til denne støtteordninga. Stiftinga har lenge samla inn lopper, under Sandane-dagane vert dei tilgjengelege for sal.

Tidlegare har auksjon vore ein del av loppemarknaden, men denne vert ikkje gjennomført i år. Fleire vel å selje verdifulle ting privat, og loppemarknaden får såleis for få gjenstandar som høver til ein auksjon.

– Folk gjer slik dei vil med det dei eig, og vi kan sjølvsagt ikkje kritisere nokon for det. Vi tek imot det vi får, og lagar moro ut av det, seier Ryssdal Sæther.

Litt til alle

Ho forklarer at dei vil dele loppene systematisk utover helga, slik at dei beste tinga ikkje skal gå første dagen. Alle skal få sjansen til å skaffe seg ein godbit, uansett om ein kjem fredag eller laurdag.

– Prisane vil variere sidan vi prisar fortløpande utover året, men vi held ein relativt låg pris. Slik kan fleire kjøpe meir, og vi får større sirkulasjon i gjenstandane. På dei mest spesielle tinga vil vi prøve å halde bodrunde.

– I år har vi særleg mykje fint, gamalt handarbeid, til dømes dukar og gardiner. I tillegg har vi kolossalt mange flotte måleri, og mykje Figgjo Egersund i varierande kvalitetar.