Det er gjort funn av bildelar i Jølstravatnet. Politiet skal undersøkje om dei kjem frå den sakna bilen.

Har gjort funn i Jølstravatnet

Dei frivillige som driv overflatesøk i Jølstravatnet i dag har gjort funn av mogelege bilrestar. Det melder TV2-nyheitene.

- Vi har funne diverse deksel som kan stamme frå botnplater på ein bil. Vi veit førebels ikkje om delane tilhøyrer den aktuelle bilen, det er noko politiet vil kartleggje, seier utrykkingsleiar for leiteaksjonen, Arve Dvergsdal, til NTB kring klokka 19 laurdag.

Det er brannvesenet som koordinerer dei frivillige i søket.