No kan Olai Aardalsbakke (8) og broren Odin (61/2) og alle andre gå eller sykle trygt frå Grungen til Fossheim.

Har fått ein trygg sykkelveg

Har endeleg fått ein trygg sykkelveg.



Å gå eller sykle langs E39 er inga triveleg oppleving. Fredag opna eit flott alternativ. Brørne Olai og Odin Aardalsbakke var blant dei første til å prøve vegen.

Det norske flagget var heist i nabolaget på Grungen for å markere at det var ein litt spesiell dag.  På bakketoppen om lag 100 meter frå sterkt trafikkerte E39, sytte ordførar Oddmund Klakegg for den offisielle opninga av eit etterlengta vegprosjekt.

Gamle planar


Han fortalde at det lenge har vore eit mål å kunne sykle frå Moskog til Fonn, inst i Stardalen, utan å vere inne på E39. Framleis står det att nokre flaskehalsar, men vegen han opna fredag er ein viktig del i puslespelet.


– No er det berre nokre hundre meter igjen, sa han og opplyste at det mange gonger har vore planlagt veg frå Grungen til Fossheim, også i hans tid som ordførar.


– Det er fantastisk flott at vegen no er komen. Ikkje minst vert det ein trygg veg, for å gå eller sykle langs E39 er slett inga triveleg oppleving, slo Oddmund Klakegg fast.






Ulukkesstrekning

Ordføraren synte til at strekninga Skei – Grungen har teke over som den mest ulukkesutsette strekninga i Jølster der Bjørset – Skei hadde den tvilsame æra tidlegare.

– I løpet av dei to siste åra har det vore seks trafikkulukker der alle nødetatane har rykt ut. Fire av dei har vore med personskade, sa Oddmund Klakegg. Sykkelvegen Grungen  - Skei er derfor eit godt trafikktryggingstiltak.

Ordførare takka grunneigarane for godt samarbeid. Saman med folkehelsekoordinator Jofrid Aardalsbakke og fleire avdelingar i Jølster kommune er vegen blitt ein realitet.

Entreprenør har vore Jostein Sunde har bygd vegen for knapt 600.000 kroner pluss meirverdiavgift. Finansieringa er gjort med midlar frå utsiktsrydding, frå Kjøsnesfjordfondet og spelemidlar. Også Jølster Bil, grendalaget på Klakegg og Jølster kommune har skote inn midlar.

Ordførar Oddmund Klakegg opna ein lenge etterlengta veg.