Terje Johan Helgheim ønskjer å heidre lokalpolitikarar som har gjort ein god innsats for kommunen.

Han vil rose politikarane

- No er det viktigare enn nokon gong å løfte fram gode verdiar hos gode politikarar. Eg snakkar om politikarar som løftar fram felles verdiar for oss alle, saker som alle parti kan einast om, seier kommunestyrerepresentant i Sunnfjord, Terje Johan Helgheim (Frp).



Helgheim (68) sit i eldrerådet i kommunen og er ein mann med mange tankar og idear om mangt og mykje. No er han på bana med ein ny idé, nemleg ei politikarrose som han ønskjer skal delast ut til politikarar som på ymse vis har gjort seg fortente til heider og ære.

Politikarforakt

- Eg ser på dette som ei mogeleg motvekt til aukande politikarhets, noko eg meiner er framtidas største trussel for demokratiet. Folk kvir seg på å ta på seg verv, seier Helgheim som ønskjer å oppmuntre politikarane til å stå på, sjølv om dei til tider kanskje opplever både hets og forakt.

Helgheim har vore i utval for samfunn, kultur og næring for å presentere ideen sin, og opplevde at den vart godt motteken der.

- Men så kom koronaepidemien, og det heile stoppa opp, fortel Helgheim som ønskjer seg ein jury som kan avgjere kven som skal få rosa.

I juryen ser han føre seg at gruppeleiarane i kommunestyret kan sitje, i tillegg til ein representant eller to frå media.



Gjenbruk

Rosa som Terje Johan ønskjer å dele ut er samansett av ingrediensar frå brukte/kasserte ting.

- Den er samansett av gjenbruksting som brukte hermetikkboksar og brukte trykkplater frå eit trykkeri. Dette er på ein måte mitt vesle, symbolske bidrag til miljøet, seier Helgheim som stadig vekk tryllar fram både artige og nyttige ting i smia si på Helgheim i Jølster.

Når det gjeld rosa, er meininga at den skal festast på innsida av loket på ei vinkasse. Når mottakaren, som trur han eller ho får vin, opnar loket, blir vedkomande møtt av teksten "Eg elskar deg meir enn vin", eller ein annan passande tekst. Det er også laga eit gratulasjonskort som skal leggast inn i kassa.

Inn til vidare blir det smått med politiske møte der rosa kan delast ut, men Helgheim håpar ting normaliserer seg og at det snart kan bli fysiske møte att. Kor ofte rosa skal delast ut er heller ikkje avgjort, men det vil bli utarbeidd statuttar, seier Helgheim som håpar at ideen hans kan bli ein realitet.

Politikarrosa har alle dei politiske fargane i seg.
Politikarrosa er festa på innsida av loket til denne vinkassen.
Rosa er festa på innsida av loket på denne vinkassen.