Foto: Anbjørn Holme.

Halvparten i Sogn og Fjordane trur Vestland vil gagne fylket lite

Meir enn annankvar innbyggjarar i Sogn og Fjordane trur det nye storfylket Vestland vil gagne fylket lite. Skepsisen er mindre i Hordaland, men på begge sider at fylkesgrensa trur mange at nabofylket har mest å vinne på samanslåinga.


Det viser ei meiningsmåling som InFact har gjort for Firda.


Undersøkinga viser òg at fleire har gjort seg opp ei meining om dette i Sogn og Fjordane enn i Hordaland, der meir enn ein tredel av dei spurde ikkje veit. I Sogn og Fjordane er veit-ikkje-prosenten berre 15 prosent om eige fylke.


Samla sett trur fleire at samanslåinga vil gagne Sogn og Fjordane meir enn Hordaland, enn det motsette. Mens 11,3 prosent av dei spurde trur nordfylket har mest å hente, trur 8,5 prosent det same om Hordaland.


Gruppeleiaren for Sp i fylkestinget i Sogn og Fjordane, Sigurd Reknes, er ikkje overraska.


– Det er gode grunnar til at folk er skeptiske. Reforma ser ikkje ut til å ha substans, seier Reknes til Firda.


– Vi har fått ei regionreform der det er tilført lite nye oppgåver som monnar, og der regjeringa heller ikkje har lagt pengar i potten. Folk fryktar sentralisering og redusert tenestetilbod, seier han. (©NPK)