Foto: Kyrre Lien/NTB scanpix/NPK.

Golfforbundet tilrår å gi gras til tørkeramma bønder

Norges Golfforbund oppfordrar klubbane på dei 170 golfanlegga i Noreg til å gi gras til tørkeramma bønder.


– Vi har store grasområde som vi ikkje brukar, det er berre estetisk. Då passar det kanskje som mat til dyra. Vi må hjelpe kvarandre i denne krisa, seier banesjef Stefan Schøn på Miklagard golfklubb på Kløfta i Akershus til NRK.


Han har teke initiativet til å gi det høge graset rundt bana på Miklagard til bønder i nærområdet. Det meiner Norsk Golfforbund er ein god ide.


– Vi anbefaler alle å gjere det. Ikkje alle har areal som er eigna til dette formålet, men det er betre å spørje ein gong for mykje, enn ein gong for lite, seier kommunikasjonssjef Tom Rosenvinge i Norges Golfforbund til statskanalen. ©NPK)