Ordførarkandidat Svein-Ottar Sandal fryktar konflikt med Statens vegvesen om vegframføring og kryss for nye E39 på Byrkjelo.

Gloppen og Statens vegvesen er på kollisjonskurs på Byrkjelo

– Eg skjuler ikkje at Gloppen og Statens vegvesen sine tankar er ulike. Vi ønskjer kryss og tunnel vest for Byrkjelo og tap av minst mogeleg dyrka jord, seier Svein-Ottar Sandal.



Gloppen KrF nytta høvet til å presentere kommunen og partiet sitt syn på framføringa av den nye E39 på Byrkjelo for partileiar og statsråd Kjell Ingolf Ropstad då han var på valkampbesøk.

Splitta

Svein-Ottar Sandal synte til den lange debatten om traseen for E39 som han meinte har splitta regionen langt meir enn samla.

– Vi arbeider framleis for bru mellom Lote – Anda og er komne eit godt stykke, men no handlar det om trasevalet på Byrkjelo, sa Sandal og synte til brei politisk semje om at den nye vegen må ta minst mogeleg dyrka jord og heller ikkje hindre framtidig utviding av meierianlegget i fylkets største landbrukskommune.

– Eg skjuler ikkje at vegvesenet sine tankar er ulike dei Gloppen kommune har, sa Sandal. Medan vegvesenet ønskjer høgstandard veg over dyrka mark frå Bergheim til tunnel tett ved meierianlegget, ønskjer kommunen ein veg med lågare standard til eit kryss vest for Byrkjelo og tunnel på Kleppe.

Betre tilknyting

– Vi ønskjer at vegen tek mest mogeleg omsyn til jordvern, samtidig vil kryss vest for Byrkjelo bety betre tilknyting til resten av Gloppen, sa Sandal. Han frykta at usemja kan bli ei større konfliktsak.

– Vegvesenet trugar med at det kan utarbeidast ein statleg reguleringsplan. Då er vi parkert, konstaterte Svein-Ottar Sandal som også peika på at heile det politiske miljøet i Gloppen er samla om kryssløysing vest for Byrkjelo.

Kjell Ingolf Ropstad opplyste at han er informert om saka men uttalte seg generelt.

– KrF er eit landbruksparti. Vi ønskjer god veg, men å ta vare på ekisterande matjord er ekstremt viktig, slo han fast. Han opplyste at matjord går ut av produksjon kvart år, men at kurva er i ferd med å flate ut.

Tydeleg haldning

– Det er bra med asfalt, men KrF er også tydeleg på at matjord er viktig. Denne saka er eit døme på at matjord ikkje må byggjast ned, sa han.

– Vårt innspel er at det vert sett fokus på jordvernet generelt og i denne saka spesielt. Vi får ei like god løysing for trafikantane med kryss vest for Byrkjelo, samtidig som det knyter Gloppen betre i hop. Vi meiner å ha gode argument for ei anna løysing enn den vegvesenet vil ha, sa Svein-Ottar Sandal.