Fylkesmann Anne Karin Hamre rår til at Gloppen, Eid og Stryn startar opp att tingingane om samanslåing.

Fylkesmannen føreslår nye kommunar

I den faglege tilrådinga foreslår Fylkesmannen fire nye kommunar frå 1. januar 2020.

Så langt har det vore magert resultat av kommunereforma i vårt fylke. Hornindal har vedteke å krysse fylkesgrensa og gå saman med Volda. I Sunnfjord vert Jølster, Førde, Naustdal og Gaular ein kommune.

Rår til fleire nye
I dag har fylkesmann Anne Karin Hamre presentert sitt framlegg til nytt kommunekart. Ho aksepterer dei to nemnde samanslåingsprosjekta og peikar i tillegg på fleire nye. I Sogn rår Fylkesmannen til at Sogndal, Leikanger og Balestrand vert ein ny kommune.
I Nordfjord rår Fylkesmannen til at Vågsøy og Selje slår seg saman. Resultata av folkerøystinga i desse kommunane var at Vågsøy sa ja, medan Selje sa nei.

Nye forhandlingar
I tillegg ser fylkesmann Anne Karin Hamre føre seg at det på litt sikt vert fleire samanslåingar. Under presentasjonen peika ho på at tida enkelte stader er inne til å handle raskt, medan andre treng ei mogningstid.
I Indre Nordfjord ønskte Stryn å gå saman med Hornindal som sa nei og gjekk nordover, medan Gloppen og Eid semjast om ein intensjonsavtale om samanslåing som Gloppen sa nei til så lenge det ikkje er bru over fjorden.
Fylkesmannen oppmodar no Gloppen, Eid og Stryn om å starte opp att tingingane om å gå saman i ein kommune.

Sør- eller nordover
I tillegg oppmodar Fylkesmannen Flora og Bremanger til å tinge om samanslåing. Her er det også eit alternativ at Flora vurderer samanslåing sørover med Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund. Bremanger kan eventuelt vurdere å gå saman med Vågsøy og Selje.

Fylkesmannen peikar vidare på Årdal, Lærdal og Aurland i indre Sogn, Vik og Voss, eventuelt den nye kommunen i Sogn og at Høyanger ser mot naboen avhengig av naboen sitt vegval. Fylkesmannen rår også til at Masfjorden og Gulen på sikt går saman med kommunar i Nord-Hordaland.