Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Foreldre klarer ikkje seie nei når barna bruker sosiale medium

Ni av ti foreldre meiner aldersgrenser er viktig på appar og spel, viser ei ny undersøking. Samtidig er tre av fire barn mellom 9 og 12 år på sosiale medium.


Det er organisasjonen Barnevakten som har bestilt undersøkinga. Dei reagerer på funna.


– Det er interessant å sjå denne motsetninga. Så mange meiner at 13-årsgrenser er riktig, men likevel er barna der, seier fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen til NRK.


Undersøkinga er gjennomført av ei forskargruppe ved NLA Høgskolen og vart presentert tysdag i samband med Safer internett Day.


I alt 10.427 foreldre er spurde, og 88 prosent seier det er viktig eller svært viktig at foreldre respekterer aldersgrenser på appar, spel og film. Likevel er det berre 26 prosent av desse som i svær stor grad følgjer slike tilrådingar for barna sine.


Ifølgje Medietilsynet er aldersgrensa på dei fleste sosiale medium 13 år.


Undersøkinga viser at foreldra ønsker fleire råd og tilrådingar frå styresmaktene om barn og sosiale medium.


– Foreldre ønsker meir kompetanse om tema som tidsbruk, aldersgrense og praktisering av reglar. Dei ønsker òg meir innsikt og kunnskap om sikkerheit, filter og nettvit, seier Tønnesen.


(©NPK)