Honndalsmusikken, som nyleg kom ut med CD-en «Honndalsbrura», spelar til dans laurdag kveld under Fjelljomfestivalen første helga i oktober. Pressefoto.

Fjelljomfestivalen neste helg

For å styre unna ymse kollisjonar på folkemusikkfronten, er Fjelljomfestivalen i år lagt til fyrste helga i  oktober.

Med vitande og vilje har vi prøvd å kombinere med både Strynemessa og starten på haustferien. Grunntanken om å kombinere natur, musikk og dans i ei både fin og mørknande hausttid står ved lag. Som vanleg byr festivalen på kurs og konsertar med aktørar frå landstoppen.

Distriktsmusikarar

I år er det ekstra gledeleg å få presentere dei tre nytilsette distriktsmusikarane vi har fått i fylket. Malin Alander frå Gloppen er nyutdanna i folkesong frå Norges musikkhøgskole, og der var Unni Løvlid hennar gode mentor. Malin held kurs og syng på konserten i Fjellvarden laurdags kvelden.

Ole Nilssen frå Løten og Jølster er ein av landets beste trekkspelarar. Han imponerte publikum stort på Fjelljomfestivalen i fjor, og vart eit par veker seinare kåra til landets beste unge folkemusikar i 2018. No er han tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord både som dansar og trekkspelar.

Han kjem att til Fjelljomfestivalen for å halde dansekurs og spele på laurdagskonserten, både solo og saman med den andre nytilsette distriktsmusikaren i Sunnfjord; Ingrid Stuhaug frå Naustdal. Ho er topputøvar på hardingfele og fele, og etter mange år i Oslo har ho no kome heim att til fylket vårt for å gje ny kveik til rekrutteringa. Vi vonar det vert mange på felekurset ho skal ha. Det kan vere litt ulike nivå på felespelarane på kursa, så vi har òg sikra oss Britt Pernille Frøholm til å dele på undervisninga. Ho er for tida fungerande sekretær i Sogn og Fjordane folkemusikklag.

Honndalsmusikk

Dei som vil lære nokre gode honndalsslåttar på hardingfele, må nytte høvet og få lært dei av veteranen Svein Hjellbakk som framleis er i storform. Han er òg leiar for gruppa Honndalsmusikken, som nyleg kom ut med CD-en «Honndalsbrura». Gruppa vert med og spelar til dans laurdag kveld.

Det same gjer Fjordane og Møre munnspellag, som gjorde lukke sist dei var med. Einar Eimhjellen er musikalsk leiar i munnspellaget og tilbyr kurs, denne gongen for dei som har spelt litt før.

Etter tre år med ruskevêr fredagskvelden på festivalen og umoglege tilhøve for utekonsert ved bålet i villmarksleiren, har vi i år endra opplegget og byr i staden inn til ungdomstreff i Fjellvarden. Dette er eit samarbeid med fylkeslaget sitt rekrutteringsprosjekt TØFT.

Bolstadprisen

Den faste temakonserten som arrangørlaget Fjelljom sjølve står for, vil i år handle om dei to spelemennene Matias Tvinnereim og Per M. Skrede frå Randabygda. Dei var med og starta Fjelljom. Temakonserten går som vanleg i Varden 4H sitt hus ved Demmene på Ulvedal.

På festen i Fjellvarden laurdags kvelden vert det òg spennande å sjå kven som i år får tildelt Bolstadprisen som vart oppretta i fjor som ei vidareføring av Emil Bolstads legat.

Prisen skal gå til ungdom som tek vare på tradisjonane innan musikk og dans på høgt nivå. I fjor var det Eli Fridtun Vereide som fekk 20 000 kroner og den store heideren.

 

Arne M. Sølvberg,

leiar i Spelemannslaget Fjelljom