Eirik Kaale, Fjellhug/Vereide, vart vinnar av seniorklassa, medan Arvid Leirgul og Mathias Nesgård frå same klubb vart nummer ein og to i juniorklassa. Kaale er i tet for denne gruppa som her er komne til Arnestad.

– Fantastisk å få springe i så flott natur

Ein trønder knuste alle i Gloppen Halvmaraton laurdag. Og då han kom i mål, var Lars Ole Hageskal frå Kyrksæterøra mest oppteken av å kommentere den fantastiske naturen løypa gjekk i.



– Dette var fantastisk. For ein natur å springe i, var den første kommentaren frå Lars Ole etter å ha cruisa i mål som klar vinnar av det 21 km lange løpet på den sterke tida 1,16,44.



– Ei stor oppleving
Løypa gjekk langs fjorden utover Sørstranda, med snuplass i Sandsstranda etter 10,5 km. Hageskal hadde saman med kona, som også deltok i løpet, tatt turen eins ærend frå Trøndelag for å delta i Gloppen Halvmaraton.

– Vi tek det som ein weekendtur og ei hyggeleg avslutning på sesongen. Vi reiser no til Loen der vi skal kose oss på hotellet med spa og greier, smilte den blide 43-åringen, som slett ikkje angra på turen.

– Nei, det å få springe i denne fantastiske naturen og det flotte vêret, har vore ei stor oppleving. Her kjem vi tilbake, det er garantert, slo Lars Ole fast.
Sterkt av Fj/Ver-løparar
Dagfinn Nyhammer i arrangørklubben Fjellhug/Vereide, synest det var kjekt med så mange tilreisande til Gloppen Halvmaraton, men kunne ha tenkt seg fleire lokale deltakarar.

Løpet vart arrangert for sjette gong, og er begynt å få eit godt namn ute i løparmiljøet. Løypa er flat og fin, og mange opplevde å setje ny pers. Dei fleste spring eigentleg mot seg sjølv i desse lange løpa, og då er det alltid kjekt å forbetre eigne prestasjonar.

Om det ikkje var så mange lokale med, var det grunn til å glede seg over fine prestasjonar av dei som deltok.

Eirik Kaale, Fj/Ver, vann seniorklassa på ei sterk tid. Arvid Leirgul og Mathias Nesgård frå same klubb vart ein og to i juniorklassa på gode tider. Veteranen Jørn Lothe vart også klokka inn på ei god tid som vinnar i 50-54 årsklassa. La oss også nemne Hilmar Kråkenes frå Almenning IL som persa med ei tid på under 1,20.

Jodi Brautaset i klasse 40-44 hadde beste tid av kvinnene med sterke 1,31,33.

Lars Ole Hageskal frå Kyrksæterøra kunne juble uhemma etter å ha cruisa i mål med klart beste tid i Gloppen Halvmaraton. Han gledde seg like mykje over den flotte naturen løypa gjekk i.