Forskarane meiner det er viktig å redusere hjortestammen på Vestland. Foto: Kari Hamre/NPK.

Ekspertar vil ha færre hjortar

Hjortestammen på Vestlandet er no så stor at det fører til beiteskade både i skogen, på innmark og til problem for hjorten sjølv, åtvarar forskarar.


I eit debattinnlegg i Bergens Tidende peikar forskarane Samson Øpstad og Gro Hylen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på at hjortestammen på Vestlandet har auka sterkt i fleire tiår og at det no er fleire hjortar enn nokon gong. Ifylgje forskarane har hjorteforvaltning i over ti år vore på etterskot med å stoppe veksten i bestanden i område med stor hjortetettleik.


Dette har gjeve ei rekkje negative konsekvensar. Forskarane peikar på at for mykje hjort gjer stor skade både på avlingane i jordbruket og i skogen. På eng der hjorten beitar kan avlinga ofte bli redusert med 15–20 prosent, skriv dei.


Der beitepresset er ekstra sterkt, kan tapet vere endå større. At hjorten beitar på dyrka mark, kan også føre til at timotei og andre artar kan bli borte.


Også i skogen gjer hjorten skade til dømes med å ete nye skot og med å gnage bark på gran og furu. Mykje hjort går også ut over lauvskogen og det biologiske mangfaldet, meiner forskarane.


Fleire hjortar fører også til større konkurranse om maten for hjortedyra, meiner forskarane og peikar på at slaktevekta for unge hjortar over lengre tid har gått ned fleire stader.


Forskarane meiner difor det er fleire grunnar til å redusere hjortebestanden på Vestlandet. I dette arbeidet bør jegerane også auke skytinga av kalv, kviger og unge hodyr, og ikkje berre jakte på hanndyr, meiner dei.


(©NPK)