Det var sett i verk ein stor leiteaksjon etter at ein båt gjekk ned på Gloppefjorden laurdag kveld..

Ein person sakna etter båtulukke

Det er sett i gang ein stortila redningsaksjon på Gloppefjorden i kveld etter melding om at ein båt har gått ned. Det melder politiet på Twitter.

Ein båt med fire personar om bord skal ha gått ned ved Devik i Gloppen. Ein person er sakna.

Ferja er innstilt

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.52.

– Tre personar sumde til land og er gjort greie for. Dei er sende vidare til behandling på sjukehus. No vert det leita for fullt etter ein fjerde person i Gloppefjorden, fortel politioverbetjent ved Gloppen lensmannskontor, Nils Ove Roset, til Firda Tidend.

Luftambulansen, redningshelikopter, dykkarar, Røde Korps Hjelpekorps og lokale båtar deltek i søket. Ferja som trafikkerer sambandet Anda-Lote er også med. Sambandet er difor innstilt. Leiteaksjonen vert leia av innsatsleiar i politiet, Trond Hatlenes.

Båten som gjekk ned var truleg ein liten fiskebåt. Roset veit ikkje kva som er årsaka til ulukka.

Hjelp av forbipasserande
Solfrid Vedvik kom køyrande i bil på fylkesveg 615 like etter ulukka. Saman med mannen tok dei hand om dei tre personane som berga seg i land.

– Vi såg ein våt mann som kom gåande langs vegen og veiva med hendene. Han bad oss stogge og fortalde at båten hadde gått ned like utanfor med fire mann. Han visste ikkje kvar dei andre var, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

Leier krisestaben
Ordførar Leidulf Gloppestad er leiar i krisestaben i kommunen.

- Kristestaben vart sett like etter at vi vart kjende med ulukka, og kommunen sitt kriseteam tek hand om dei pårørande. Det er to ting vi har fokus på, det er å ivareta dei pårørande og leite etter den sakna, fortel han.

Store ressursar er sett inn for å prøve å finne den sakna, det blir leita både i fjorden og i fjæra.

- Forsvaret er her med skøyta Otto Sverdrup med fleire småbåtar. Redningsskøyta Halvdan Grieg søkjer i fjorden. Den eine ferja på sambandet Anda-Lote deltek i søket. Vi har fått på plass dykkarar frå Ålesund og Vågsøy, og våre folk i brann og politi leitar i fjæra, fortel han.

Å leve i uvisse er ifølgje ordføraren forferdeleg, både for dei pårørande og for Gloppen-samfunnet elles.