Toralf Årdal måtte tole ein niar i finalen

Ein niar på Toralf Årdal

Det er liten avstand mellom suksess og fiasko i skyting. Det fekk vi eit godt bevis for i finalen for V-73 i kveld, tysdag.

Toralf Årdal, Jølster, hadde fullt hus på dei 25 innleiande skota og låg på skive 11 i finalen. Dermed låg det til rette for ei topp plassering for veteranen.

Ut på første

Prøveskota var godt samla og det såg lovande ut, men allereie på første skotet i finalen kom der ein 9.6 og dermed var det øydelagt. Resten av dei ti skota var ein tiar og åtte innertiarar. Hadde niaren gått inn, hadde Årdal hamna på andreplass. No vart det ein sekstandeplass i staden.

Hyarane datt av

Tidlegare på dagen var fjerde og femteklassingane i elden, men her blir det nok berre Ole Arild Aa som får godkjent. Han fekk opp 243, som vel er det han er god for akkurat no. Nestbest av hyarane var Geir Kjetil Aa Hope med 240. Arild Straume hamna på 238, medan Bertel Oddne Mjellem fekk 235. Torleiv Straume jr. hamna heilt nede på 229.

Når det gjeld Kongelaget så er beste resultat der 248. På skive ein i morgon ligg Odd Arne Brekne frå  Lyngdal. Siste plassen på Kongelaget gjekk på 245.

Bra skyting av Ole Arild aa på bana