- Ei ære å få prisen

Hovudrolleinnehavar i NRK sin ungdomsserie "Lovleg", Kristine Ryssdalsnes Horvli, er kåra til Årets gloppar 2018. 

Prisen vart delt ut på kommunestyremøtet i dag, onsdag.

Ryssdalsnes Horvli får prisen for å ha bidrege til å setje Gloppen på kartet gjennom serien som blir spelt inn på Firda vidaregåande skule og Sandane.

- Det er ei ære å få prisen. Det er heile serien som er med og set kommunen på kartet, ikkje berre eg, seier prisvinnaren.

Innspelinga av sesong to av "Lovleg" er nyleg avslutta, og hovudrolleinnehavaren held seg for tida i Oslo. Ho kom eins ærend heim til Sandane for å ta imot den gjæve prisen.