E39 opnar klokka 17.00

E39 Førde - Skei opnar med styrt trafikkavvikling kl. 17.00. Oppryddingsarbeidet har gått raskt takka vere solid innsats frå entreprenørane, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

- Maskinane har gått både dag og natt for å rydde opp i dei mange rasa på E39, og vi vil takke entreprenørane for formidabel innsats for å rydde både europavegen og dei andre vegane i fylket, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i vegvesenet.

Det kan vere nokre parti med innsnevring i vegbana, og mellom Grimsbø og Moskog blir trafikken leia forbi i kolonne. Finden oppmodar folk om å vise omsyn for dei som jobbar, vere oppmerksame og følgje skiltinga.

Sjølv om vegen blir opna no i ettermiddag, gjenstår noko arbeid, så det er naudsynt å stenge vegen i natt frå 23.00 til 06.00 for at entreprenørane skal få gjere seg ferdige.