Torsdag spela STIL-herrane første kamp denne hausten. Desse spela i vår, men spelarstallen er noko annleis for dei siste kampane.

Duka for lokaloppgjer

Både Jølster og Sandane har hatt ein god start i 5. divisjon fotball for menn. I kveld møtest dei til lokaloppgjer på Sandane. 

Jølster har vunne alle sine tre kampar så langt, medan STIL står med to sigrar og eitt tap. Tapet kom på overtid borte mot Skavøypoll sist helg.

Oppgjera mellom dei to gode naboane er ofte tette og jamne. I juni i fjor vann STIL 2-1 på heimebane, medan Jølster slo kraftig tilbake og vann heile 6-1 på Skei i haustsesongen.

Vi tippar det blir nok eit intenst lokaloppgjer i Sandane Idrettspark, og oppmodar publikum om å møte opp og få med seg kampen.