Tunet på Osmundes er heilt spesielt, alt er vel gjennomtenkt og symmetrisk. Alle ladene og fjøsane står til dømes opp mot utmarka. Dette kjem truleg av at garden ikkje hadde støyl. Når krøtera gjekk i heimeutmarka heile sommaren, var det viktig å gjere det slik at det vart så reint og triveleg i tunet som mogleg.

Det særeigne tunet på Osmundnes


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i juleavisa 2016.





Osmundnestunet ligg idyllisk til på austsida av Hyefjorden, men om vinteren kan det gå store snøras like ved. Husa i sjølve tunet står trygt for snøen, og det er bygd opp svære vernemurar på oppsida av dei øvste bygningane som skal ta av for fonnvinden.



Vernemurane er eit heilt spesielt og imponerande kjenneteikn for tunet på Osmundnes. Murane vart bygde for å verne husa mot fonnvinden. Det er også fonnvinden som gjer at alle huset i gamletunet står med gavlen mot sjøen.

Talet bruk har variert


Garden Osmundnes var opphavleg den einaste garden på austsida av Hyefjorden, og var heilt sikkert busett i høgmellomalderen. Derimot har ein ikkje funn her frå førhistorisk tid. Men øydetida etter Svartedauden gjorde Osmundnes folketom til fram mot midten av 1500-talet. I 1560-åra finn ein garden igjen i drift.

Talet bruk på garden har variert. I 1860-åra var her faktisk fem bruk, men tre av desse gjekk saman til eitt bruk (nummer tre) i 1690-åra. Manntalet frå 1701 har ført opp tre brukarar på Osmundnes. Etter denne tid er det ikkje skjedd endringar i bruksdelinga på garden. Bruk nummer ein vart kalla Utitunet eller Oppitunet, bruk nummer to kalla ein Neritunet, og tredje bruket vart kalla Innitunet.

Etter utskiftinga i 1920-åra, vart husa på Neritunet rivne, og på same tid vart det bygd ny lade og nytt våningshus nede ved sjøen. I 1970 gjekk eit stort snøras oppe i fjellet utanfor garden. Fonnvinden sopte då lada til bruk nummer to på sjøen. Fleire krøter strauk med, og etter dette flytte dei frå bruket.

Skredfaren


Alt i jordeboka frå 1626 blir skredfaren på Osmundnes understreka. I dette høvet spela det ei rolle i oppkrevjarane si vurdering av skatteevna på garden. Men naturen baud også på særlege verdiar, det var nemleg rikeleg ved å hente i fjellsidene. Brukarane stod seg godt. Den eine var «formuende», den andre var «temmelig formuende».


Vernemurane er fire-fem meter tjukke, og det har gått med store mengder stein for å byggje dei. Men trass i murane, kunne fonnvinden rive av torvtaka. Då fann dei ut at dei skulle lage eit stort firkanta hol i muren. Det hjelpte. Dei tjukke murane som vernar husa på vindsida, har vore bundne saman med mindre steinmurar.

Men skredfaren vart røyndom ved mange høve, med meir eller mindre skade. I 1711 tok skredet to fjøs, drap to kyr, skadde to, drap tolv sauer og øydela bøgard med ei lengd på til saman 213 famner. Eit nytt stort snøskred losna i mars 1750. Husa til ytstemannen blei drivne på fjorden, men ingen menneske kom til skade. Etter dette flytte ytstemannen husa fram i tunet der dei andre budde. På grunn av dei store skadane på garden, blei skylda på garden redusert, noko som igjen førte til at brukarane slapp å betale så mykje skatt.

Sjølv om høyavlinga frå innmarka var god, var folket på garden likevel avhengige av å slå og hente heim gras frå mellom anna andre sida av Hyefjorden. Alt graset måtte førast heim med båt.

Det vert fortalt at i eldre tider kunne ikkje innmarka brukast til poteter. Kvart bruk hadde kvar sin stor stein på innmarka. På desse fylte dei mold og sette poteter. Rundt 1880 byrja dei med potetåkrar. Dette tyder i alle høve på ei intens utnytting av åkrane.

I husdyrhaldet nytta dei godt ut fôrressursane frå utmarka også etter 1900. Lauvkjerv frå bjørk, selje og rogn gjekk til småfeet, medan storfeet fekk alm, osp og rogn tillaga i bløytespann.

Folketalet har svinga


I 1931-32 blei det bygd ein kjerreveg frå sjøen og opp i tunet. Eit anna stort framsteg skjedde 3. november 1943, då ein fekk elektrisk straum i Osmundnestunet. Kraftverket var privat sett opp av Peder Osmundnes på bruk nummer to. Etter kvart blei alle bruka knytte til dette kraftverket. I 1954 kom både Osmundnes og Kleppenes inn på linja frå Gloppen Elektrisitetsverk.

Folketalet på Osmundnes har variert gjennom tidene. Eit manntal frå 1666 har funne fram til åtte menn, deriblant ein dreng. Kanskje kan dette tyde på at det budde kring 16 menneske her på denne tida. Manntalet frå 1701 har fått med sju menn, to av desse var drengar. I 1801 er folketalet 22 alt i alt. I 1865 budde her 24 menneske, fordelt på tre hushald. I 1900 budde det 31 menneske på garden. På slutten av 1960-åra blei det ei merkbar fråflytting frå Osmundnes.

Kommunikasjonsmessig var det mjølkerute, postrute og rutebåt som knytte garden til omverda fram til vegen til Hyen var ferdig i 1978.

Flytta til Osmundnestunet


I fleire år var det ingen fastbuande på garden, men sommaren 1995 flytte 20 år gamle Tone Kristin Morken med den to år gamle dottera si, Simone, til Osmundnestunet.

– Bestemora mi kom frå Osmundnes, og mor budde her til ho var seks år. Då flytta familien til Almenningen, der bestefar var odelsgut, men dei var her mykje om sommaren. I dag er det foreldra mine som eig bruk nummer tre i Osmundnestunet, det som i si tid vart kalla Innitunet. Eg hadde eit nært forhold til bestemor. Då eg var lita, skal eg ha stått og peika på eit bilete av Osmundnestunet og sagt at «der skal eg bu», fortel Tone Kristin Morken, som sjølv voks opp i Almenning i Vågsøy.


Eigarane har mange hus som skal haldast ved like i Osmundnestunet. – Vi har nystove, skykkje, stabbur, steinkjøkken, stall, hovudhus, den tidlegare skulestova, fjøs/lade, gamlelada, samt to naust ved sjøen, fortel Tone Kristin Morken. Her framfor huset dei bur i.

Då foreldra hennar overtok eigedomen på Osmundnes i 1993, spurte dei borna om det var nokon av dei som kunne tenkje seg å bu i det særeigne tunet i Hyestranda.

– Eg var interessert og flytta hit. Det var verst første året, for då hadde eg ikkje sertifikat. Bussen gjekk ikkje så ofte, og det vart mykje bering – både på varer og på dottera mi Simone. Då hadde eg hatt trong for ein løypestreng, smiler Tone Kristin Morken, som i dag jobbar som aktivitør ved Gloppen sjukeheim.

– Trivst svært godt


Ho har alltid hatt lyst til å bu slik – litt avsides til. At Osmundnestunet er ein idyll i vakkert vêr hjelper på.

– Her er ein del bygningar å halde. Det tenkte eg ikkje så mykje på før eg flytta hit. Heldigvis har eg fått svært god hjelp av foreldra mine, som har vore opptekne av å halde tunet i hevd. I 1997 byrja dei med faste omvisingar i tunet, men har no gått over til å opne tunet for omvising under Friluftshelga i Hyen og elles etter avtale, fortel Tone Kristin, som er glad ho har fått ektemannen Bjørn til å flytte til Osmundnes.

For nøyaktig 61 år etter at besteforeldra til Tone Kristin – Eili og Kåre – gifta seg i Osmundnestunet, fekk Bjørn Kormeseth ja frå Tone Kristin. Det var ingen bryllaup på bruk nummer tre i mellomtida, og Tone Kristin var heldig og fekk nytte brurepynten og drakta som bestemora Eili brukte i 1941. I dag har Tone Kristin og Bjørn dottera Alvilde på fire år saman, medan Simone går siste året på ungdomsskulen i Måløy.

– Eg flytta hit i desember 2001, og trivst veldig godt. Når det gjeld vedlikehald av bygningar i tunet, plukkar eg opp ein del tips frå svigerfar. Vi bur i hovudhuset på bruket, medan svigerforeldra mine nyttar det tidlegare skulehuset som fritidsbustad, fortel Bjørn Kormeseth.


Eigarane av bruk nummer tre, Turid og Kristian Morken, har laga ei utstilling i nystova av gamle kle og gjenstandar.

Frykta er der om vinteren


For tre år sidan byrja han med sauer. Han har fått tak i gamalnorsk spælsau, og har i dag seks vaksne sauer, to vêrar og nokre lam. Sauene er gode landskapspleiarar, og kan gå ute heile året.

– Korleis er det å bu på ein stad der det til tider kan vere fare for at det går ras like ved?

– Til no har det vore uproblematisk. Vegane har av og til vore stengde, men det har ikkje medført store vanskar, seier Tone Kristin, medan Bjørn meiner det største problemet er frykta.

– Frykta er der heile vinteren. Eg jobbar hos Brødrene Aa i Hyen, og køyrer den rasutsette strekninga til og frå jobb. Alle rasstadene har eigne namn. I 2003 gjekk til dømes Seljesvora tre gonger i mars månad. Når eg står her i tunet, høyrer eg at fonnene går inne i stranda. Då buldrar og ristar det skikkeleg, fortel han.

Nyttar sikringsutstyr


Osmundnes har opp gjennom tida hatt mykje samarbeid med Kleppenes, både reint sosialt og i praktiske oppgåver. I hjortejakta kvar haust har det vore vanleg skikk å gå saman. Det har vore jakta på begge sider av fjorden. På vestsida av fjorden måtte jegerane tidlegare gå i stigar opp etter fjellet for å kome seg opp, og same vegen ned att – med eller utan kjøt i ryggsekkane.

– Osmundnes og Kleppenes går framleis på jakt i lag. Vi har 36 fellingsløyve fordelt på tre år, noko som betyr tolv dyr i året. Men medan tidlegare jegerar gjekk i stigar på andre sida av fjorden, nyttar vi i dag skikkeleg sikringsutstyr, fortel Bjørn Kormeseth.

Bryllaupstale


Då Tone Kristin og Bjørn gifta seg den 29. juni 2002, heldt Anne Berta Kleppenes tale til brureparet. Ho budde lenge på Osmundnes, og sidan bryllaupsfesten stod i tunet, valde Anne Berta å ta bryllaupsgjestene med tilbake i tid – til ein dag i tunet for kring 50 år sidan. Tala gjev eit flott innblikk i korleis livet på garden var på den tida, og vi har fått løyve til å gjengje ho.

«På ein heilt spesiell dag som denne, søkjer tanken tilbake i tid. Kanskje har de lyst å vere med meg ein heilt vanleg sommardag for 40-50 år sidan. Dagen startar ved grytidleg morgon. Ta ein tørr kringlebukt og tygg i deg – det er ikkje bra å gå til arbeid heilt fastande. Ta på deg fjøskle og støvlar, så går vi i gang og måkar fjøsgolvet. Med møkaspaden skuvar vi møka ut i gjødselkjellaren. No er golvet reint, og jura skal vaskast godt før vi mjølkar. Eg likar ein stødig krakk og ei stor mjølkebytte, så eg slepp tøme meir enn ein gong for kvar kyr. Vi silar rett opp i transportspannet. No sender vi mjølka på meieriet, så vi slepp å separere heime. Mjølka må straks i kjøling. Vi er to som ber 30 literspannet mellom oss til kjølebekken i matstovekjellaren. Takka vere den gode kjølinga og intenst reinhald hadde vi berre 1. klasses mjølk heile tida.


Stallen til bruk nummer tre.

Men no skal kyrne på beite. Vi jagar dei opp om garden og inn om elva. Kyrne er glade for å kome på beite, i alle fall så tidleg på sommaren. Fyrste dagen vi sleppte kyrne i marka var 18. mai, viss det ikkje var ein søndag. Det kunne hende vi laut lage veg over snøfonna som det gjerne låg att ein rest av. På Inste Elvaflata, heilt framme på jelkanten, hadde vi vandegard, laga av staur, ris og skat, og eit led som vi stengde og opna for kyrne. Det var sameignearbeid å gjere vandegarden, halde ledet og vadet over elva i stand. Alle tre grannane jaga dyra denne vegen, så det var reine karavanen.

Leverte mjølka


Kalvane er tregare å få i marka. Eg må lokke dei med drikkekoppen, og gøyme meg bak store steinar – så dei ikkje ser at eg går heim att. Elles følgjer dei med og vert gåande rett ovanfor garden og raute, og der er ikkje mat for dei. Så er fjøset tomt. No skal eg sope fjøsgolvet skikkeleg reint, det same med vegen opp om garden. Her skal ikkje finnast møk.

No er det vel på tide å få av seg fjøskleda, vaske seg og få frukost. Klokka er 08.15, så eg får høyre radioandakten medan eg et frukosten.

I dag skal vi levere mjølk. Far har sela hesten og spent føre mjølkevogna. Ein kan køyre heilt ned åt matstovekjellaren, så då er det berre å røre opp mjølka, hjelpast åt og lesse på og far er nede på bryggja når båten kjem. Vi ser han inne med Holme, så vi bereknar tida. Elles går det på omgang mellom grannane å ekspedere mjølkebåten.

På eldhusveggen heng eit rikt utval av nyslipte stuttorv og langorv, bryna ligg i eit hol i muren, og riva finn ein i gamlelada. Ta med deg det du vil bruke, så går vi ut til Ytste Hola. Her er flatt og godt å gå, men mykje røysar og stein som er blitt samanlagt etter fonner som brøyta seg veg om vinteren. Vi slår med stuttorv og langorv alt etter som. Eit par attlagde åkrar tillet bruk av hesteslåmaskin. Karane har alt slege ned ein del før eg kjem. Eg måtte førebu middagen og hjelpe ho besta. Ho ligg til sengs for det meste. No er det å staure hesa og få på strengen. Vi har for det meste laushesjar som vi fyller to-tre gongar. Så kan staur og streng nyttast ein annan stad og så bergar vi det for fonna om vinteren. Det er fint å hesje i dag, sol og ein lett bris har teke doggen, høyet er nesten bana og heng godt i hesa. Friluftsaktivitetane har nytteverdi – det er berre å henge i og nyte livet. Men klokka går så altfor fort. Eg må heim og få til middagen. «Kom heim til middag om ein god halvtime», seier eg når eg går.

Tek tørrhøy


Det vert full fres under grytene, og middagen kjem rykande varm på bordet. Vinnefolket kjem med sveitten i panna. Godt å få sette seg inn i den svale koven å ete. Ein herleg plass der både sol og omnsvarme er utestengde.

Vi lyt nok ta tørrhøy ned i Bakkane i ettermiddag. Det er heilt sikkert tørt når det er slik fin austavind, men fyrst skal vi ha middagskvild ein god halvtime – så vi slepper verda.

Så finn vi børatòget på sin faste plass i gamlelada. Rive og rakstesekk må eg òg ha med. Vi tek treppahesjane nede i Rabben først. Høyet her skal opp i lada, for dette høyrer med til høgste rekkja. Eg tek ut av og prøver å lage gode fengjer, men karane må leggje børane sjølv, det er ein spesiell tek å få dei gode. Treppahesjane er trehesjar med tro og bjørkeband i staden for streng. Når karen med børa er vekk, rakar eg kring hesa og har raksten opp i jutesekken min. Den ber eg med meg til neste hes og til slutt heim på låven. Der blir det kverva, viss det ikkje er heilt tørt. Eg har òg med meg blandespann. Saup og kaldt vatn – ein herleg tørstedrikk – som står i skuggen bort under ein runne. Blandespanna er flittig besøkt av oss alle i dag.

Høyet i hesjane lengst nede i Bakkane skal berast ned på Høynaustet. Der ifrå vert det køyrt opp i tunet når vinteren kjem. Då er der plass i lada òg. Det er fullverdig kvalitet i høyet vi tek inn i dag. Det er tidleg på sommaren og kjempefin terre, så det er full klaff.


Steinkjøkkenet i tunet vart tidlegare nytta til matlaging.

Inne i steinkjøkkenet.

Kokar kveldsgraut


Eg lyt opp att i tunet og hente nonsmaten. Vi tek den nede med sjøen i dag, for vi har meir tørrhøy og så kjem mjølkebåten tilbake. Han må vi ekspedere. Onkel må opp att i tunet og hente merra og mjølkekjerra. Returmjølka, til vanleg skummamjølk, kan ikkje stå på bryggja i denne heten. Eg må opp att og tøme spanna og få mjølka i kjøling. No er kalvane komne og står og rautar av full hals. Eg må late dei inn og få dei på rette båsar. Det er ikkje heilt enkelt. Og så må dei få godt mjølkedrikke. No høyrer eg kubjøllene òg, både våre og grannane sine. Då har Olav´en vore inn om elva og lete opp ledet. Ja, så må kyrne også inn. Dei går på rette båsar med ein gong, stikk mulen i drikkekaret og drikk lenge. No er det berre å gå i gang med mjølkinga. Nokre av kyrne er alt byrja å renne, og det går ikkje an. Dette er dyre dråpar.

Så er det altså kveld. I fjøset herskar det fred og ro. Kyr og kalvar legg seg godt til rette for natta. Eg vaskar av meg fjøslukta, sveitte og høydombe. Finn fram mjøl og mjølk og kokar kveldsgrauten. Må opp i lada for å finne tørrsilda.

Kveldsbordet er dekka med graut, sukker, surmjølk, tørrsild og kalde poteter. Til slutt samlast vi alle i denne stova til kveldsandakt, bøn og salmesong: Kom Jesus inn og med meg ver, når det til kvelden stundar! Og lat din engel standa her ved lægjet når eg blundar. Og vara vel mine kvilestad! Og vekk meg glad til song med fugl i lundar!»


Osmundnestunet ligg idyllisk til på austsida av Hyefjorden.




Kjelder:
Soga om Gloppen og Breim, band IV, s. 61-68
Tale skriven av Anne Berta Kleppenes