Ordførsar Oddmund Klakegg i Jølster har opplevd surrealistiske dagar, der han må konstatere at ein av innbyggarane truleg har mista livet i eitt av rasa.

- Det har vore surrealistiske dagar

– Det heile var kaotisk og sjokkerande og det ekstreme vêret kom litt overraskande på oss, seier ordførar Oddmund Klakegg i Jølster om det som skjedde tysdag ettermiddag og kveld.



Sjølv var han på Austlandet på ferie då det tok laust tysdag ettermiddag. Men han kom seg tilbake så fort han kunne og har sidan svara på tallause spørsmål frå media.

Problem med kommunikasjon
– Vi har prøvd å informere så godt vi kunne, både til media og andre, men grunna at telefon og nett datt ut i halve kommunen har vi hatt problem både med å innhente informasjon, og med å informere våre eigne innbyggarar, og då spesielt i Vassenden-området. Eg trur nok det er mange der som kunne ha ønskt seg betre informasjon, seier Klakegg som er klar på at det som hadde fokus det første døgnet var omsynet til liv og helse.

– Det menneskelege har vore i fokus, og då snakkar vi om evakuering, hjelp til dei som har vore innesperra og til dei som av ymse årsaker ikkje kunne bevege seg så godt.

Rosar dei tilsette
– Vi registrerte at Jølster brann og redning som vanleg var raskt på plass og såg ut til å gjere ein god jobb, stemmer det?

-  Ja, eg er veldig stolt av det brannvesenet og andre kommunalt tilsette la ned av innsats når alt dette kom veltande. Mange tok sjansar og la eigne ting til sides for å hjelpe andre. Det var ein imponerande innsats frå både kommunen sine folk og alle andre som stilte opp for å hjelpe, svarar Klakegg som legg til at kommunen no går inn i ein fase der det handlar om å få oversikt over alle skadane.

Det meste kan reparerast
– Det som er skada av materielle ting som hus, bøar, vegar og alt det andre, kan reparerast eller erstattast. Men det som gjer alt så tungt og vanskeleg opp i dette, er at det truleg har gått liv. Det pregar alle no, seier ordføraren, som ikkje vil uttale seg om leiteaksjonen.

– Det får politiet svare på. Det viktigaste for oss er å ta vare på dei pårørande til den sakna. Det vil ha førsteprioritet no, avslutta Oddmund Klakegg som hasta vidare til eit nytt møte då vi snakka med han på føremiddagen i dag.

 



 

Kommunen vil no gå inn i ein fase der det handlar om å få oversikt over skadane etter rasa, seier ordføraren. Her frå Årsetbakkane på Vassenden.