Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Dei yngre sviktar Facebook

Færre brukar Facebook, og særleg den yngre garden droppar det sosiale mediet i så stor grad at det no blir kalla eit «gamlismedium».


– Eg meiner dette er ei dramatisk utvikling. Det seier noko om at Facebook har mista grepet, spesielt blant unge, og har på rekordtid vorte eit gamlismedium, seier marknadsdirektør Ingvar Sandvik i Kantar Media til Kampanje.com.


Ei undersøking Kantar Media gjennomførte i desember viser at heile 43 prosent av befolkninga i alderen 15 til 29 år brukar mindre tid på Facebook, mens berre seks prosent i seier dei bruker Facebook meir.


Samtidig viser undersøkinga at 74 prosent av befolkninga brukar Facebook dagleg, ein nedgang frå 79 prosent eitt år tidlegare. Spesielt menn brukar Facebook mindre enn før.


28 prosent svarar at dei bruker Facebook mindre, mens 18 prosent seier dei brukar meir tid på plattforma. Halvparten av ungdommane seier dei publiserer færre statusoppdateringar enn for eitt år sidan.


Ein annan del av undersøkinga dreier seg om bruk av internett. Her svarar heile 55 prosent at dei brukar for mykje tid på nettet. 16 prosent seier dei brukar meir enn seks timar på internett dagleg, og mobiltelefonen er hovudårsaka. (©NPK)