Fredrik Behrens og Alf Støfring har nok ikkje alltid vore like samde undervegs på reisa mot realisering av Jølstra Kraftverk. Men under markeringa torsdag, let dei stridsøksa ligge og skåla i rabarbrasaft.

Bygginga av Jølstra kraftverk er i gang

Himmelens sluser sto på vidt gap og Jølstra gjekk flaumstor og mektig då Sunnfjord Energi og SFE torsdag inviterte til "startskot"for bygginga av kraftverket som fekk konsesjon i fjor sommar. 



-Det er dette vi lever av, men det er viktig at det regnar ovanfor Vassenden, smilte adm.dir. i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens og såg på regnet som hølja ned. Han smilte endå meir når vi kunne forsikre han om at det gjorde det.

Stor dag

- Eg har arbeidd med dette i ti år, men andre har arbeidd ein god del lenger. Slik sett er dette ein stor dag for meg, sa Behrens som ikkje la skjul på at det har vore ein del økonomiske motbakkar på vegen fram til bygginga av kraftverket.

-Frykta du på noko tidspunkt at det kom til å gå i vasken?

-Ja, i juni var det kritisk, og det er det ingen grunn til å legge skjul på, svara Behrens som i tolvte time fekk med seg SFE på laget og dermed sikra finansieringa.



Glad for å vere med

Adm. dir i SFE, Johannes Rauboti var sjølvsagt til stades på Grimsbø, ved innslaget til tunnelen som skal føre vatnet frå Tungahølen, nokre kilometer vest for Vassenden og ned til kraftverket ved Stakaldefossen. Også han var glad for å vere i gang og glad for å vere med på eigarsida av kraftverket.

-Å utvikle kraftverk er ein lang og komplisert prosess som krev både staheit og tolmod.  Men her kom vi til duk og dekka bord, og som dei fleste veit snakkar vi ein del med Sunnfjord Energi om dagen. Eg håpar vi kan utvide samarbeidet til beste for begge partar, sa Rauboti.

Gamlesjefen

Ein som var tydeleg til stades under markeringa, var tidlegare sjef i Sunnfjord Energi, Per Storegjerde.

-Dette er noko eg har venta på i ti år og det er fjerde gongen at eg er med på starten av ein tunnel til eit kraftverk i Sunnfjord sidan 1993, fortelde Storegjerde og ramsa opp kraftverka på Fossheim, i Kjøsnesfjorden, på Mo og no i Jølstra.



Fredrik Behrens gjekk så langt som å gje den tidlegare direktøren mykje av æra for at kraftverket vart noko av.

-Du var ikkje berre fødselshjelpar, men du gjorde også ein god jobb i sengehalmen, sa Behrens som også la vekt på dei mange ringverknadane kraftverket vil få.

-Eg skal ikkje nemne fotballhallen på Skei, men her er mange som har sagt at dei vil etablere seg på industriområdet som skal etablerast her, med masse frå tunnelen. Tida får vise om det er bløff eller alvor, sa Behrens.

Grunneigarane ventar

Grunneigarane i elva var sjølvsagt også til stades og talsperson Alf Støfring var mellom dei. I vår vart fallrettserstatningane fastlagde ved skjøn og dom i tingretten. Det resulterte i ei årleg utgift for eigarane av kraftverket på sju millionar, noko som vart anka.

- Når får de vite resultatet av ankehandsaminga?

-Det blir nytt skjøn i mai og så skal dommen avseiast og skrivast. Eg reknar med at vi får svaret i løpet av tidleg haust neste år, svara Støfring som takka for maten og illustrerte tida det har teke å få på plass kraftverket med det faktum at han ikkje lenger er grunneigar.

Det var berre smil og glede å sjå under markerinmga av starten på Jølstra Kraftverk. F.v.: Jølster sinm styrerepresentant i Sunnfjord Energi, steinar Dvergsdal, prosjektleiar for Jølstra kraftverk, Kjell Johnny Kvamme, styreleiar Arvid Andenæs og adm. dir Fredrik Behrens.
Både tidlegare sjef i Sunnfjord Energi, Per Storegjerde, og adm. dir. i SFE, Johannes Rauboti, tykte begge det var ein stor og viktig dag dei fekk vere med på.
Både Alf Støfring og Fredrik Behrens må vente til neste haust før dei veit storleiken på fallrettserstatningane.
-Ein stor og viktig dag og vi skal starte bygginga av eit kraftverk som vil gje store ringverknader for Sunnfjord, sa ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg som fekk æra av å fyre av den første salva på tunnelen.