Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Bybanen i Bergen blir nynorsk

Transportselskapet Skyss må heretter skilte og informere passasjerane på Bybanen i Bergen på nynorsk. Det vedtok fylkestinget i Hordaland onsdag.


– Johoo! vart det ropt bak i salen då fylkestinget stemte over målformsaka i fylkestinget, skriv Bergens Tidende.


Skyss har til no hatt høve til å gjere unntak frå administrasjonsspråket i fylkeskommunen, som er nynorsk, og bruke bokmål på kollektivtransporten i Bergen. Fleire av dei vidaregåande skulane i Bergen har òg fått lov til å bruke forma "skole" i staden for "skule" i namna.


Det var SV-representanten Aud Karin Oen som saman med Raudt og Venstre fekk med seg KrF, Ap, Sp og MDG på desse tre språkvedtaka i fylkestinget:


* Skyss må bruke nynorsk i Bergen på same måten som elles i fylket.


* Alle dei fylkeskommunale vidaregåande skulane må administrere seg og marknadsføre seg på nynorsk.


* Alle tekstar som fylkeskommunen betaler eksterne tekstprodusentar for, bør leverast på nynorsk.


Oen tok initiativet til forslaga i samband med namngiving av fleire nye skular i fylket. SV-representanten meinte det no er grunn til å skjerpe inn nynorskpraksisen i fylket før Hordaland blir slått saman med Sogn og Fjordane om halvtanna år.


– Vi skal inn saman med ein fylkeskommune som heldigvis er mykje strengare enn oss på dette. Da bør vi skjerpe oss allereie no, sa Oen, ifølgje Bergens Tidende.


– Bussane køyrer på kryss og tvers rundt i fylket, og kollektivtilbodet i Bergen blir nytta av innbyggjarar frå heile fylket. Da bør Skyss ha nynorsk som administrasjonsspråk i heile fylket, sa Oen.


Fylkesrådmannen ønskte å halde fram som no fram til Hordaland blir ein del av Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020, men fleirtalet i fylkestinget ville altså ha nynorsk no. (©NPK)