Burgarar er populært på grillen. Foto: Audun Braastad/NTB scanpix/NPK.

Butikkane melder om rekordsal av grillmat

Fleire daglegvarekjeder fortel om svært godt sal av grillmat. Særleg burgarar blir plukka ut av butikkhyllene i høgt tempo.


– Først pangstart med astronomisk sal på alt av grillmat, deretter grillforbod med kraftig vekst i mat frå varmeskapa våre og «klar til å ete»-mat, deretter raske rettar av sjømat, sushi og røykjelaks. No er vi i gang med grillsommaren igjen. Slik samanfattar kommunikasjonsrådgjevar Nina Horn Hynne i Meny grillsommaren for Nationen.


Avisa har spurt daglegvarekjedene om salet av grillmat i sommar. Svaret er at det gode vêret har gitt pengar i kassa. Coop har seld grillmat for over 200 millionar kroner den siste månaden. Kiwi opplyser om ein vekst på mellom 15 og 20 prosent på grillmat og Spar fortel om 20 prosent auke frå i fjor.


Burgarar er blitt ein favoritt på grillen. Det merker også Kjøpmannshuset, som står bak kjedene Joker, Spar og Nærbutikken.


– Burger er ei stor varegruppe. Burgarar er ikkje det det ein gong var, no ser vi at nesten alle har ein favoritt og kundane kjøper fleire variantar for å tilfredsstille alle i familie, seier Anette Grønby Rein i Kjøpmannshuset Norge AS. (©NPK)