Cecilie og Roar er nettopp komne i hus på Klakegg. – Vi kjenner at det er godt å vere her, seier dei.

Cecilie og Roar har snudd opp ned på det gamle huset

Med hard jobbing og stå-på-vilje kvar ettermiddag og kvar ledige helg det siste halvannan året, har Cecilie Solvang Klakegg og Roar Gjøringbø Klakegg klart å skape seg noko nytt av noko gammalt.

Bulyst

I serien Bulyst ønskjer vi å setje søkjelyset på kva innbyggjarane set pris på i eigen kommune. Kva skaper bulyst i Gloppen og Jølster? Kva er bakgrunnen for val av bustad og eigedom, og kva gjer livet godt å leve nettopp her?

– Vi byrja vel på teikningane hausten 2019, seier Roar og ser spørjande på kona Cecilie.

For knappe to veker sidan kunne dei endeleg flytte inn i sin «nye» heim, etter at dei for to år sidan bestemte seg for å totalrenovere huset til besteforeldra hans.

Fem år

Roar er oppvaksen i tunet ved sida av på Klakegg, og har på to ulike tidspunkt sjølv budd i huset som vart bygd i 1968.

Paret trefte kvarandre for fem år sidan. Cecilie er opphavleg frå Svelgen, men flytta til Vassenden då ho gjekk gravid med eldsteguten som no er 17.

Medan det var punk på Malakoff-scena i 2016, vart det litt søtare tonar mellom ungkaren og trebarnsmora i publikum.

– Det var Iggy Pop som spelte, hugsar eg, og Roar ropte på meg etter konserten. Han klarte å sjarmere meg, men så berre forsvann han, ler ho.

Det ordna seg likevel til slutt, for i januar året etter trefte dei kvarandre igjen, og sidan har det vore dei to.

Familien på seks gleder seg til å ta fatt på kvardagen i sin nye heim.

Han og huset

To år seinare kom sonen Oddvar til verda, og familien på seks budde i lag i leilegheita til Cecilie på Vassenden. Behovet for noko større melde seg, og Roar klarte å få med seg Cecilie på at huset til besteforeldra på Klakegg skulle bli deira nye heim.

– Det var vel ikkje så mykje val, smiler ho, og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om eg ville ha han, måtte det bli dette huset. Og eg ville ha han.

Roar hadde lenge tenkt på huset. Sjølv om det var gammalt og lite, såg han potensialet i det. Det gjer han i mange gamle ting.

– Det har alltid fascinert meg. Eg synest det er viktig å ta vare på ting, eg likar absolutt ikkje å kaste. Nokre kallar det samlemani, eg kallar det gjenbruk, smiler han.

Senga dei hadde vart for brei til rommet. Slik fekk senga til Roar sin bestefar ei ny glanstid.

Tenkje nytt

Sjølv om huset hadde potensial, måtte mykje rivast for å gjere plass til dagens standard. Huset er sjølvberande, så dei kunne ta vekk alt av innerveggar og planlegge ny rominndeling. Eit tilbygg vart rive, og golvet vart teke vekk.

– Vi stod igjen med fire veggar og eit stort rom i midten. Heldigvis var her verken fukt eller ròte, så vi kunne berre setje i gang med å lage huset slik vi ville ha det, seier Cecilie.

Der det gamle kjøkkenet stod, skulle det no kome bad. Stove og kjøkken vart planlagt til eitt stort rom, med god plass til å leve i. Store vindauge ut mot fjella på Klakegg var eit krav.

Med fire ungar treng ein god plass, så dei bestemte seg for å utvide med to tilbygg. Det og carport i kjellaren leigde dei snikkarar til. Resten av arbeidet har dei gjort sjølve, med litt hjelp frå vener til måling og kjøkkenmontering.

Vedomnen har dei tatt vare på, og den flotte vekta er besteforeldra til Roar si. Det gamle skrivebordet er eit bruktfunn, og Cecilie har bygd det om til ei kjøkkenøy med hjul.

Mykje jobb

I to år har dei jobba på for å få det slik dei vil, frå eit skal til ein ferdig heim.

Det første året pussa dei i tillegg opp leilegheita til Cecilie på Vassenden, som vart seld i fjor. Etter det leigde dei seg eit hus på Bolset for å kunne vere litt nærare medan dei jobba i huset.

– Vi har ikkje sete så mykje i det siste, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, og det er vi vel heller ikkje skapte for, seier Roar.

– Det er eigentleg galskap å byrje på noko slikt, det er ikkje berre nye fargar på veggane det er snakk om, men ei totalrenovering. På eit tidspunkt kjendest det ut som vi skulle vasse i isolasjon for alltid, fortel Cecilie.

Lærerikt

Dei torer ikkje å seie kor mange timar dei har brukt, men estimerer at to timar kvar ettermiddag og kvar ledige helg har gått med.

– Det har gått i eitt. Men det har vore spennande. Eg har vore bort i litt oppussing før, men ikkje slik som dette. Det har vore veldig lærerikt å ta på seg eit heilt prosjekt og følgje det heilt i mål, seier han.

Det er viktig å la noko stå igjen. Den siste lista er enno ikkje på plass.

Slitne

Ein del krangling har snike seg inn i prosessen. Slitne kroppar og ei uendeleg liste av ting som skal gjerast kan vere ein dødeleg kombinasjon.

– Det er blitt litt småhakking her og der, smiler dei.

For begge har hatt periodar der dei har sett mørkt på det.

– Vi har nok hatt det tungt inn i mellom, men vi har på ein måte klart å støtte kvarandre og gjeve kvarandre ein pause når det har vore behov for det, seier han.

– Vi har vel funne ut at når forholdet kom seg igjennom dette, er vi rusta for det meste. Så er det bra at vi har plater som skjuler lektene eg har sett opp, ler Cecilie.

Meistring

Ho har hatt ei bratt læringskurve dei siste to åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har gjort ting som eg ikkje hadde trudd eg skulle klare. Soverommet vårt har eg plata, lista og måla. Så har eg laga kjøkkenplatene og kjøkkenøya. Det har gjeve meg ei veldig meistringskjensle.

Litt krangling og kaos har det vore, men paret rakk likevel å gifte seg midt opp i oppussinga i august.

To veker i huset

For to veker sidan fekk dei ei munnleg godkjenning av huset frå kommunen, og dei kunne flytte inn.

No gleder dei seg til å ta fatt på resten av livet i bustaden som har fått ei ny sjel.

– Det er litt rart, eg trur ikkje det heilt har gått opp for oss, for gledestårene over å vere ferdige med alt arbeidet er ikkje komne enno. Men dei kjem nok, seier ho.

Cecilie var i utgangspunktet litt skeptisk til å rive opp ungane Nicholas (17), Amalie (14) og Mathias (9) til ein ny plass og ein ny skule.

Fylle med minne

– Men no er vi her, og det gjekk fint. Det vart eit bra val, likevel. Det var veldig spesielt å stå opp den første morgonen med alle saman i huset. Eit hus som i lang tid berre har vore mitt og Roar sitt prosjekt. No skal vi fylle det med mange minne, seier ho.

Sjølv om dei ikkje har landa heilt, har dei likevel rokke å kjenne på at huset verkar som det skal.

– Det er godt å vere her, og det er fint å sitje i stolane framfor dei store vindauga med kaffikoppen og sjå på verda utanfor, seier Cecilie.

– Og om sommaren skal vi sjå på alle veteranbilane som køyrer forbi, smiler Roar.

Minstemann Oddvar på to elskar den store plassen dei har fått. Då kan han køyre så mykje bil han berre vil på parketten mellom stova og kjøkkenet.

– Ein morgon vi gjekk ut døra for å gå i barnehagen sa han: «Det er godt å bu her, pappa.»

Roar har smitta Cecilie med lidenskapen for veteranbilar, nærare bestemt Ford M. Dei er begge aktive i lokallaget, og då dei gifta seg i august køyrde dei kvar sin bil til kyrkja. Foto: Linn-Helen Evensen Hage.