Rett etter at valresultatet var klart måndag kveld var det kontakt mellom ordførarkandidatane Jenny Følling og Helge Robert Midtbø.

Brot i forhandlingane

Heller ikkje onsdag lukkast det for Ap og Sp å bli samde om kven som skal bli ordførar i Sunnfjord. Forhandlingar gjennom tre lange omgangar førde ikkje fram og no er det brot. Dermed opnar det seg ein ny sjanse for Olve Grotle og Høgre.



Etter brotet mellom Ap og Sp, gjekk Sp rett i forhandlingar med H, V, Krf og MDG . Dermed ser det ut til at Ap er ute av kampen om ordførarkjedet.

Midtbø ser framover

Ap sin ordførarkandidat Helge Robert Midtbø tek tapet med fatning og ser føre seg fire år i opposisjon.

-Der skal eg saman med ein gjeng dyktige politikarar arbeide for skule, eldreomsorg og andre viktige saker, til beste for innbyggarane i Sunnfjord.

-Kva skjer no, trur du?

-Eg reknar med at  H og Sp, saman med Krf, V og MDG finn ei løysing i kveld.

-Er du skuffa?

- Det er klart at med den oppslutninga vi fekk, så kjempa vi for ordførarklubba, men det nyttar ikkje å surmule, når det gjekk som det gjekk. Det handlar også om å komme ut av det på ein rakrygga måte. Vi skal trass alt leve vidare, etter dette, sa Midtbø då vi snakka med han etter brotet.