Magnus Willumsen hadde med seg både lur og trompet som han spela på.

Breimingane invaderte Sandane

Men det var ein invasjon av det fredelege slaget, og etter å ha informert sandensarar og andre om kva som rører seg i bygda under Eggenipa, trekte dei seg stilt og roleg tilbake litt ut på ettermiddagen



-Det nyttar ikkje å vere beskjedne. Vi lyt ut å informere om kva vi driv med og kva som skjer. Om ikkje vi gjer det, så er det heller ingen andre som gjer det, sa Reidar Moldestad som representerte Breimsbygda IL på Heradsplassen laurdag.

Sunnmøring skjønte ikkje bæret

I teltet på Heradsplassen var det informasjon å få om det det aller meste som  skjer i Breim. Det vere seg bedrifter, lag og organisasjonar eller det store dugnadsprosjektet Norsk Countrytreff.

- Det blir veldig bra neste år, men vi skal toppe det i 2020, sa countrygeneral Arve Kleppe som heldt korta tett til brystet både når det vart snakk om ein av artistane neste år og festivalen i 2020.

Det aller meste som vart bydd fram var gratis. Slik var det med gløgg og julekaker og slik var det med lotteriet som alle besøkande fekk vere med på. Ein av dei meir spesielle gevinstane der, var guida tur til Eggenipa med dei to Bjartane, Bjarte Gangeskar og Bjarte Heggheim.

- Dei som vinn denne gevinsten skal vere med å bere, gliste Gangeskar.

Reidar Moldestad hadde snakka med ein sunnmøring som var inn om.

-Kva er vitsen med det?, lurte han på når han høyrde at det var gratis.



God stemning og mykje folk

Det låg til slutt svært mange lappar i glaskolben der dei besøkande hadde levert namn og kontaktinfo til gratislotteriet.

-Vi skal no telje dei ein dag vi er i godt humør, men her er i alle fall 150, sikkert meir, trudde Arve Kleppe. Både han og leiar i idrettslaget, Bjarte Gangeskar var godt nøgde med dagen, og opplegget som ifølgje Gangeskar nærast kom flytande på ei fjøl.

-Eg sit i det såkalla landsbyutvalet og der arbeider vi mellom anna med å skape meir liv i sentrum. Det var slik ideen dukka opp og etter nokre telefonar hit og dit var opplegget i boks. Alle stilte opp og vi har hatt ein triveleg dag, sa idrettslagsleiaren som på slutten av dagen, i god Gangeskar stil, kommanderte ein kar til å fjerne ei bålpanne full av ved og i full fyr.

-Set den bak i varebilen der, var beskjeden. Slike og liknande replikkar sat laus når spøkefuglar som dei to Bjartane og Arve Kleppe var samla på ein stad.

Hans Lothe, som var den einaste sandensaren som var involvert i eitt av breimingane sine mange prosjekt, var imponert over dugnadsånda i Breim.

-Den er heilt unik, det finst ikkje den ting dei ikkje klarar å få til på dugnad. Eg er veldig glad for å få vere med å hjelpe til litt. Det er veldig kjekt på alle måtar, sa advokaten som fekk mykje ros frå styreleiaren for selskapet bak Nibberåsa, Bjarte Heggheim.

-Han har utruleg mykje kompetanse som vi dreg nytte av.

-Du kjem vel til å sende eit solid honorarkrav når jobben er gjort?

-Nei, det torer eg ikkje. I Breim er dei vane med at ting skal gjerast på dugnad, så då lyt det nok bli slik, gliste sakføraren.

Ein av mange som var inn om teltet til breimingane var ordførar Leidulf Gloppestad.
Bjarte Heggheim (t.v.) er styreleiar i selskapet som arbeider med å oppgradere stien til Eggenipa. Hans Lothe er sekretær og juridisk konsulent.