Nye testar viser at brannteppe kan ta fyr dersom det blir brukt til å søkkje komfyrbrannar med høge temperaturar som oppstår med matolje og smolt. Foto: If.

Brannteppe lite eigna til feittbrannar

Brannteppe eignar seg dårleg til å sløkkja brannar med høge temperaturar som oppstår når ein lagar mat med matolje og smult, viser nye forsøk.


Til no har det allmenne rådet vore å bruke brannteppe til å sløkkja frityrbrannar, men nye testar If Sikkerhetssenter har gjennomført viser at brannteppe ikkje er eigna til å stoppe slike brannar.


Dei høge temperaturane som oppstår ved feittbrannar, vil i mange tilfelle føre til at flammane slår rett gjennom eit brannteppe viss det byrjar å brenna, heiter det i ei pressemelding.


Fagsjef Terje Hageland ved If Sikkerhetssenter rår i staden folk til å bruke eit grytelokk og føre forsiktig over kjelen viss det tek fyr i olje på komfyren.


– Dra deretter kjelen av kokeplata. Skru av plata. Ikkje ta av lokket før du er sikker på at temperaturen har senka seg til eit trygt nivå, elles vil flammane blusse opp igjen, seier han.


Fagsjefen strekar likevel under at brannteppe framleis eignar seg til å søkkje tilløp til små brannar på eit tidleg stadium, til dømes ein PC eller adventsdekorasjonar som tek fyr. (©NPK)