Bollestad kjem til Gloppen

Landbruks- og matminister Olaug  Bollestad (KrF) vitjar Gloppen i byrjinga av april.

– Ho skal til Gloppen og Selje 1. og 2. april. Vi kjem til å vise henne korleis vestlandslandbruket er i praksis, og kor utruleg viktig landbruk er for distriktsutvikling, seier KrF sin ordførarkandidat Svein Ottar Sandal.

Bollestad har fått ansvaret for å gjennomføre den vedtekne avviklinga av pelsdyrnæringa i Noreg. Dette er eit vedtak ho og KrF har vore motstandarar av.

– Gloppen har tradisjonelt vore sterke på pelsdyr. Kompensasjon for dei som må avvikle er eit spørsmål vi må kome innom, meiner Sandal.