Foto: Stian Wiik/Hordaland fylkesbibliotek.

Bokbåten kan kome tilbake

I samband med at Hordaland og Sogn og Fjordane frå nyttår blir eitt fylke, bør ein diskutere om bokbåttenesta skal utvidast til heile Vestland fylke, meiner fylkesrådmannen i Hordaland.


Ei utviding av bokbåttenesta til heile den nye fylkeskommunen er ei av sakene som står på dagsorden når fylkesutvalet for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland samlast til møte tysdag 19. mars.


Av dei to fylkeskommunane er det i dag berre Hordaland som har avtale med bokbåten Epos. Men avtalen gjeld berre ut august. I første omgang blir utvalet i Hordaland difor oppmoda til å forlengje bokbåtavtalen for eige fylke ut året.


Samtidig blir det rådd til at ei utviding av bokbåttenesta til heile Vestland fylke blir ein del av drøftingane i budsjettprosessen for 2020.



Utfordrande geografi og busetnad

I Sogn og Fjordane blei ordninga med bokbåten Epos avvikla frå 1. september 2015. I utgreiinga peikar fylkesrådmannen i Hordaland likevel på at mobile bibliotektenester blir viktig for å sikre eit likeverdig bibliotektilbod i det nye storfylket.


Det blir vist til at Vestland fylke er eit fylke med vid geografisk utstrekning og at vesentlege delar i begge dei noverande fylka, blir område med spreidd busetnad og få innbyggjarar.


– Det inneber vesentlege forskjellar i bibliotektilbodet i ulike delar av det nye fylket, heiter det i sakspapira frå fylkesrådmannen i Hordaland.



Vedtak forpliktar

Fylkesrådmannen viser samtidig til tidlegare politiske vedtak som forpliktar i høve til det å gje alle innbyggjarane eit godt bibliotektilbod. I regional kulturplan for Hordaland 2015–2025 er det mellom lagt opp til at fylkeskommunen skal halde fram med å drifte og utvikle bokbåten som eit utjamnande bibliotektilbod.


Det blir vidare vist til at regional plan for kultur i Sogn og Fjordane har kultur for alle som overordna mål.


I tilrådinga si rår fylkesrådmannen i Hordaland til at bokbåttenesta for heile Vestland fylke blir tema i samband med budsjettet for 2020. Dersom bokbåttenesta blir utvida til å omfatte heile det nye fylket, reknar fylkesmannen med at det vil koste totalt 2,3 millionar kroner kvart år.


Viss det ikkje er stemning for å halde fram med bokbåten, meiner fylkesrådmannen pengane bør brukast til å opprette tilskot til andre bibliotektilbod med utjamnande effekt. Det kan til dømes vere såkalla modellbibliotek, fornying av biblioteklokale, meiropne bibliotek og nye bibliotekbussar. (©NPK)